Sørnett

Hausthygge i Skumringstida

Stemninga var god under Skumringstida på Kristiansand folkebibliotek. FOTO: Sigrid Engebakken

Stemninga var god under Skumringstida på Kristiansand folkebibliotek. FOTO: Sigrid Engebakken

Fantasi var i fokus på årets Skumringstid, eit arrangement som skjer i heile Norden.

Publisert:

Me går inn på biblioteket, klokka er sju og lyset blir sløkt. Det er fem personar som har møtt opp.
Ein mann startar å lese, og me går sakte, men sikkert inn i forteljingane. Det er mørkt, litt kaldt men behageleg.  
 

 

I går 8. november 2010 var startdatoen for Nordisk bibliotekveke som i år arrangeres for 14. gong. Formålet med arrangementane er å gi den gamle nordiske fortellertradisjonen nytt liv, og å formidle nordisk litteratur til barn, unge og vaksne i heile Norden.

 

Og i den anledning sløkte Kristiansand folkebibliotek lyset klokka sju, tente levande lys og lot skodespelar Ole Geir Feste lese med stor innleving. Feste las tekstar frå den islandske Edda, Voluspå og frå svenske John Ajvide Lindqvist si bok La den rette komme inn.

 

Få tilstades  

-Eg synst kvelden var veldig spennande og eg tykkjer fleire skulle ha vore her, seier Berit Tvedt som var blandt dei få til stades.

[img27501_2RM]

Else Marie Ness som er bibliotekar, var heller ikkje så imponert over frammøtet.

 -Oppmøtet var ikkje særleg bra, men det er noko me er vande med. Eg vil no skulda litt på været i dag også.

Roger Dyrøy, avdelingsleiar for Kristiansand folkebibliotek seier at det pleier å vere litt lite folk på sånne arrangement men det varierer veldig.

-Me har nesten fullt hus på andre arrangement som til dømes kjende forfattarar som kjem for å lese.