Sørnett

Kjolar med sjel

Draumen om kjoleloft gjekk i oppfylling. Foto: Helene Reite

Draumen om kjoleloft gjekk i oppfylling. Foto: Helene Reite

Kristin Josdal har minst to hundre vintage-kjolar på loftet sitt, som ventar på å bli funnen av sin rette eigar. Ho opnar loftsluka for dei som vil klatre opp stigen til kjolehimmelen.

Publisert:

 

[img30838_2RM]

Kristin drøymer om at alle skal finne den rette.

- Alle kan finne sin kjole med det perfekte snittet, med passande farge og stil, seier Kristin Josdal.

Ho har hatt interessa for mønster og stoff sidan ho var ei lita jente. No har kjoleloftet hennar i Vågsbygd vorte ein rekreasjon.

Mad women

Etter at tv-serien “Mad men” kom har ho fått ekstra mange førespurnadar. No skal folk arrangere “mad men-party”.

- Serien er jo frå 60-talet, men mine kjolar er stort sett frå 70-talet, fortel Kristin.

Ho tek imot besøk etter avtale, og det er stort sett veninnegjengar med kjolejakt-instinkt.

- Eg ser faktisk at jo meir “crazy” fargane og mønstra er, jo meir sel dei. “Den lille sorte” går sist, fortel ho.

[img30838_3RM]

Fann draumekjolen

Det heile byrja med eit bryllaup ho skulle i, for om lag fire år sidan.

- Eg fann draumekjolen på Shalam til 70 kroner og har aldri følt meg så fin, fortel Kristin.

Denne hendinga førte til at lidenskapen fekk bein å gå på. Ho bestemte seg for at ho innan det året skulle ha hundre kjolar. Det klarte ho. No har ho alltid minst 200 kjolar på loftet, og ingen av dei er like. Kjolane ligg i ei rimeleg prisklasse. For Kristin er det nemlig viktigare at folk finn kjolen i sitt liv. Prisen skal ikkje vere ei hindring.

Kjolemekka

Alle kjolane er nøye handplukka frå ulike bruktbutikkar rundt omkring i Noreg.

[img30838_4RS]

- Fretex i Stavanger er min Mekka, fortel Kristin.

Ho drøymer også om å starte sin eigen butikk. Logoen “kjolar med sjel” er klar. Den er trykt opp på små lappar som skal syast på kvar og ein kjole.

- Eg tek eit skritt om gangen mot eit større og utvida konsept, fortel ho.

Modell for ein dag

I april skal Kristin ha kjolevisning i menigheten sin Vineyard, som ligg i Vågsbygd. Då vil ho ha folk som har kjøpt kjolar hos henne på catwalken, iført sine utvalgte kjolar. Det er ikkje berre er kjolane ho vil vise fram, men først og fremst dei som bærer den.

- Det er mest for gøy, men også for å hylle dei vakre damene her. Eg vil at dei skal få oppleve å vere modell for ein dag, seier Kristin med eit smil.

- Eg ønskjer å skape begeistring og glede, avsluttar ho.

[img30838_5LM]