Sørnett

Opnar kjøkkenet for kreftramma barn

Siri Anette Nordby (39) er fylkesleiar for SKB Agder (Foto: Helene Reite)

Siri Anette Nordby (39) er fylkesleiar for SKB Agder (Foto: Helene Reite)

Trond Moi stiller opp med gratis kokkekurs til kreftramma barn på laurdag.

Publisert:

- Når eit barn får kreft vert heile familien ramma. Vi ønskjer å ta vare på heile familien, seier fylkesleiar i Støtteforeninga for Kreftsjuke Barn (SKB), Siri Anette Norby.

Fylkeslaget arrangerar stadig aktivitetar for kreftramma familiar. På laurdag får kreftramma barn og søsken mattips og triks av Trond Moi.

Familielaurdag

- Heile familien er invitert til Bølgen og Moi på laurdag. Foreldra får kose seg med mat og kaffi medan dei kreftramma barna og søskena lagar mat, fortel Nordby.

Ho trur dette har stor betyding for familiane som er ramma.

- Borna vert lett isolerte, og lever eit liv som stort sett består av sjukehus. Då er det godt å gjere noko heilt anna, seier ho.

Ho legg til at sjukehusopphalda kan gå utover tida saman som familie.

- Det er ikkje alltid begge foreldra kan følgje barnet på sjukehuset samstundes. Nokre opplever å bli splitta som familie, seier Nordby.

Kurset er allereie fullt. 27 barn skal fylle kjøkkenet på Bølgen og Moi saman med mesterkokken sjølv.

- Cellegiftbehandling gir dårleg matlyst. Eit kurs med Trond Moi kan vere med å gi mat eit positivt forteikn igjen, seier Nordby.

Å lage sunn og næringsrik mat kan bli lystbetont ifølgje fylkesleiaren.

- Det vert fokus på korleis ein kan lage både sunn og god mat på spennande måtar. Sunn mat kan vere både gøy og godt, seier ho.

Viktig å komme saman

Nordby har sjølv hatt eit barn med kreft som no er ein frisk 9-åring. Etter denne opplevinga vart ho engasjert i SKB og har no vore leiar for fylkeslaget i tre år. Ho har sjølv erfart at det å kome saman med andre i same situasjon gjer at ein kjenner seg meir normal og ikkje alltid treng å ta seg saman.

- Du treng ikkje å forklare deg viss du plutselig skulle komme til å gråte, eller le for den saks skyld. Folk synes så synd på deg heile tida. Det kan vere slitsamt, fortel ho.

Det å ha eit kreftramma barn kan også vere tabubelagt.

- Det er veldig viktig å komme saman med andre familiar og snakke om det, seier Norby.

På laurdag blir det fokus på mat.

- Denne laurdagen er tida inne for å fokusere på noko positivt. Det blir mykje god mat og moro. Det er berre å glede seg, avsluttar Nordby.