Sørnett

Sørlandsjenter kjemper om modellkarriere

Frida Mathea Kocian (17) poserar med Ben frå bandet A1. Ho er styla av Storm Pedersen. Foto: Marcel Leliënhof.

Frida Mathea Kocian (17) poserar med Ben frå bandet A1. Ho er styla av Storm Pedersen. Foto: Marcel Leliënhof.

Det er duka for ny norsk “catfight” på TV 3. To sørlendingar er med i kampen om modellkarrieren.

Publisert:

Alexandra Sanneh Stølen (21) frå Kristiansand og Frida Mathea Kocian (17) frå Grimstad er plukka ut som deltakarar i realityshowet Top Model. Mot femten andre skal dei gjennom dristige fotoseansar, reiser og konkurransar. Startskotet går måndag 7. februar kl.20.30.

 Følte seg spesiell  

- Eg har alltid hatt lyst å melde meg på, og veninna mi har også mast på meg om å søke. I år var eg gammal nok og bestemte meg for å prøve, fortel Kocian, som fekk invitasjon frå TV 3 om å komme på casting i Oslo.

- Eg vart veldig glad då eg fekk telefon frå TV 3, fortel Sanneh Stølen, som vart tipsa av lillesøstra si om å søke.

- Vi måtte også gjennom ein andre casting, der vi blant anna måtte gå på catwalken i bikini, fortel Kocian.

[img32709_2RS]Både Kocian og Sanneh Stølen bestod testen og fekk telefonar frå TV 3 om at dei var tekne ut.

- Eg vart heilt i ekstase, men stod midt på gata og kunne ikkje reagere så veldig der og då, ler Kocian.

- Eg følte meg veldig spesiell. Det var jo tross alt 2000 som hadde meldt seg på, så det er fantastisk at akkurat eg vart valt ut, seier ho. 

- Eg har hatt litt oppdrag og fotoshoots før, men no får eg virkeleg prøve meg som modell. Dette er veldig gøy, seier Sanneh Stølen.

Lite søvn og mykje følelsar
Hardt arbeid, lite søvn og ein god koffert er berre noko av det som vert krevd av ein modell. TV 3 vil gi deltakarane mange utfordringar undervegs, som for eksempel å måtte reise til ukjente stader på korte varslar.  

Men dei langbeinte sørlandsjentene draumer likevel om ein modellkarriere.

- Planen er å gå modellskule i Cannes, i tillegg til at eg håpar på mykje god og nyttig erfaring frå Top Model, seier Kocian.

[img32709_3RS]

Vinnaren får eit års kontrakt med selskapet Premier Models London, i tillegg til å vere framsidepike på magasinet Woman.

Men vegen mot modelltittelen kan bli lang og bratt, ifølge modellspirene.

- Det er ein tøff bransje. Du blir strengt vurdert og du må lære deg å takle kritikk. Det er ikkje alt ein skal ta personlig, fortel Kocian.

- Lite søvn, mykje jobb og mykje kjensler er modellivet i eit nøtteskal, seier Sanneh Stølen. 

Blanda kjensler

Begge jentene har måtte halde hemmeligheten lenge. Innspelinga vart gjort i sommar og det er ikkje lenge sidan deltakarlista vart offisiell. Dei har blanda kjensler i forhold til å sjå seg sjølv på skjermen.

- Eg veit jo aldri korleis ting blir klipt og korleis dei vel å framstille meg, seier Kocian.

Ho legg og til at ho syns modellar ofte vert framstilit som dumme, noko ho meiner er feil.

- Å vere opptekne av mote og estetikk er ein like bra hobby som alle andre, seier Kocian.