Sørnett

Tyskland meir enn holocaust

Thomas Hagen er prosjektleiar på Arkivet, og står i spissen for den tysk-norske veka. Foto: Melissa Frost

Thomas Hagen er prosjektleiar på Arkivet, og står i spissen for den tysk-norske veka. Foto: Melissa Frost

Denne veka er det tysk-norsk veke i Kristiansand. UIA og Arkivet har fotoutstilling, filmvisningar, quiz og seminar for dei historieinteresserte.

Publisert:

-  Tyskland er meir enn andre verdskrig, seier Thomas Hagen.

Han er prosjektleiar på stiftinga Arkivet. Her vert det og ei fotoutstilling som skal synleggjere meir av den tyske kulturen, både historisk og i dag.

Fotosafari i Aust-tyskland

[img31818_2RM]

Nicole Laube har foreviga det kontrastfylte landskapet i Aust-tyskland etter muren fall. Ho har vore på fotojakt i Aust-tyskland i eit heilt år.

- Dette er ein typisk “look” etter muren fall for 20 år sidan, sier Hagen og peiker på eit av bileta. Biletet viser sterke kontrastar i det austlege Tyskland.

[img31818_3RM]

Kontrastfylt arkitektur

Dei tjue bileta til Laube viser både eit gjenreist Aust-tyskland etter 1990, men også stader som minner om det gamle Tyskland. Kontrastane i Laube si utstilling gir såleis eit bilete på historia om austtyskarane etter Berlin-muren fall.

Inspirert av nordmenn

Laube kjem frå Dresden, men studerte hausten 2009 i Kristiansand. Ho var forundra over alle programma om det gamle Tyskland i norsk fjernsyn, og kor stor interesse nordmenn hadde for dette. Ho bestemte seg for å lage utstilling, som no vert vist på stiftinga Arkivet i perioden 27. januar til 28. februar.

Tysk-norsk veke

Tysdag startar forskjellige historieseminar om korleis ein har behandla 2. verdskrigen som tema i Tyskland og Noreg etter krigen.

- Lærarar, studentar, tilreisande og alle historieinteresserte kjem for å få med seg dette, fortel prosjektleiaren.

Åtte ulike foredragshaldarar vil ta for seg tema som norsk og tysk historieskriving og andre verdskrig som tema i tysk litteratur og film. Norsk endringspolitikk, førestillinga om det tyske og spørsmålet om kva vi kan lære av historia vert også belyst. Foredraga vil vere på Arkivet og UIA. Det vert også filmar på Cinemateket Aladdin kino.