Sørnett

Ung og lovande festivalartist

Festivalartist: Caroline Eid Nodeland (15) skal syngje i domkyrkja i kveld. I morgon skal ho varme opp for Postgirobygget. (Foto: Helene Reite).

Festivalartist: Caroline Eid Nodeland (15) skal syngje i domkyrkja i kveld. I morgon skal ho varme opp for Postgirobygget. (Foto: Helene Reite).

Caroline Eid Nodeland (15) vann talentkonkurranse, og skal synge før Postgirobygget entrar scena under musikkfestivalen Dark Season.

Publisert:

Ho trudde først ho berre skulle syngje tre songar på opningskonserten i domkyrkja i kveld, men den klokkeklare stemma til 15-åringen hadde smelta juryen sine hjarter. Dei ville høyre meir.

Nervepirrande oppleving

I september arrangerte musikkfestivalen audition for unge talenter på Hos naboen.

- Eg meldte meg på fordi eg tenkte det var ein moglegheit til å vise meg fram, seier Nodeland.

Sjølv om Team Thom-jenta har vore på audition før, vart det ei nervepirrande oppleving.

- Vi var fjorten jenter i det tronge lokalet. Nivået var høgt, og eg kjende presset, fortel Nodeland.

Men det resulterte likevel i ti tusen kroner og oppvarming for Postgirobygget på Kick fredag.

- Eg vart eit einaste stort smil då eg fekk nyhenda. Eg trudde ikkje eg skulle vinne. Det er noko av det største eg har opplevd musikalsk, fortel solisten.

No er det travle tider for kristiansandsjenta. Dagane skal romme både skule, lydprøver, øvingar og journalistar.

Debuterte som tolvåring

Det er ikkje første gong ho deltek på Dark Season.

- Første gongen var eg berre tolv år. Dette er tredje gongen eg er med, fortel artisten.

Men sjølv med denne erfaringa vert ho nervøs med tanken på dei to konsertane ho skal delta på i år.

- Eg sleit med å sovne i natt og eg har kjent mange sommarfuglar fly rundt i magen i heile dag, fortel 15-åringen.

I kveld skal ho synge tre songar i domkyrkja. Ein av dei er den kjente hiten ”Billie Jean”.

- Det passar seg vel ikkje med Michael Jackson-moves i domkyrkja, så eg gjer den på min eigen måte, fortel vokalisten.

På fredag skal ho synge seks songar, og kan røpe at det mellom anna blir ”sei det igjen”, ”time after time” og ”gravity”.

Song før ho prata

- Eg veit det er ein klisjé, men mamma har sagt at eg kunne synge før eg lærte å snakke, fortel sørlendingen.

Helst syng ho andre sine låtar og finn sine eigne versjonar av dei. Favorittsjangrane er pop og jazz, og ho likar best det lågmælte.

- Eg har som mål å skrive låtar sjølv etterkvart. Det trur eg er lurt når ein satsar på musikken, seier 15-åringen.

Ho er allereie godt i gang med spelejobbar. Ofte spelar ho for bedrifter som bestiller musikalske innslag, noko som har gitt meirsmak.

- viss eg kunne valt frå øvste hylle ville eg levd av musikken. Det er det eg likar og brenn for, seier ho.

Men beina er førebels godt planta på jorda.

- Det er eit trongt nålauge å kome igjennom, men eg ønskjer i alle fall at musikken skal vere ein del av livet mitt i framtida, avsluttar Nodeland.

Dark Season skal vere ein arena der unge talent får kome seg opp og fram, ifølge festivalsjef Liv Håland.Liv Håland er festivalsjef for Dark Season som går av stabelen i dag.

Mini-idol

- Eg har alltid brent for å få fram unge talent, seier festivalsjef Liv Håland.

Unge og ukjende artistar er viktige ingrediensar i denne årlege musikkfestivalen. Det er likevel ikkje før i år dei arrangerer ein eigen talentkonkurranse.

- Det er viktig at unge talent på Sørlandet får ein moglegheit til å kome seg opp og fram. Vi har lenge vurdert ein konkurranse som dette, og i år fekk vi endeleg realisert draumen, seier Håland.

14 songarar mellom 15 og 24 år møtte til audition på Hos Naboen i september.

- Dei var vinnarar alle saman, men likevel var det berre ein som kunne gå av med seieren, seier Håland.

Men ifølgje festivalsjefen vert det nye sjansar neste år.

- Det har vore givande å arrangere denne talentkonkurransen. Vi satsar på at det vert ein tradisjon, seier ho.

Rekordsalg før startsskotet

Ifølgje Håland har det aldri vore så mykje førehandssal som i år.

-  Vi har selt i overkant av to tusen bilettar allereie, og reknar med at det kjem endå fleire etterkvart, seier Håland.

I fjor vart det selt opp mot 3500 bilettar totalt.

- Slik det ser ut hittil vil vi slå rekorden i år, seier festivalsjefen.

Den fargerike festivalen, der ein kan oppleve alt i frå Ole Paus til Vassendgutane, byrjar med konsert i domkyrkja i kveld.