Sørnett

Meir enn ein konsert

Unik konsert: - Det er heilt spesielt å synga og spela i eit så lite lokale, meina Bjørn Eidsvåg.

Unik konsert: - Det er heilt spesielt å synga og spela i eit så lite lokale, meina Bjørn Eidsvåg.

Det var ei stemningsfull oppleving å sitja som ein av dei vel sytti utvalgte i Ansgar kapellet i går.

Publisert:

«Bakom tankar og ord
bakom spørsmål og svar
ane eg dine barbeinte spor»

Slik opna Bjørn Eidsvåg ein vakker intimkonsert i nydelige omgivelsar. Frå dei fysste tonane fylde det vesle kapellet på Hånes som ikkje måler meir enn ni gange ni meter, senka det seg ei varm ro i rommet. Vintermørket verka plutselig ikkje så mørk lenger der ein satt.
- Bli med på ei reise som varer rundt rekna ein time og 16 ½ minutt, oppfordra Eidsvåg til eit leande publikum.
Stemninga var god og latteren sat laust når Eidsvåg med eit glimt i auga tok oss med inn i sine tankar og visjoner, både under og mellom songane.

Eidsvåg sin stemme var sterk og stø, sjølv når han song utan mikrofon, og publikum hadde han i si hule hånd. Det var som spa for sjela. Men det er ikkje til å leggja skjul på at han fekk god hjelp av karane i bandet: Geir Sundstøl, David Wallumrød, Anders Engen og Bjørn Holm spela seg prikkfritt gjennom kvelden.

Dette var den fjerde konserten i serien på sju ved Ansgar kapellet. Og sju er ikkje tilfeldg ifølge Bjørn Eidsvåg; det er nemleg talet for uendeleg perfeksjonisme i Bibelen.

Også Kjell Nupen satte sitt preg på denne konserten. Nydelege fargar og enkel dekorering i ei dempa belysing skapa ei unik atmosfære rundt songane. Det lyfta konserten betydeleg, og gjorde at kveldens billettpris på 650 kroner var vel verdt kvar ei krone.

Sjå konsertoversikt her.