Sørnett

Arrestert med narkotika

Arkivbilete

Arkivbilete

Narkotikabeslag, stolne bilar og uro i sentrum er noko av det Kristiansandspolitiet har jobba med sidan i går kveld.

Publisert:

Klokka 06.20 i dag vart ein 34 å gammal mann pågrepen med narkotika i Bokfinkvegen i Vågsbygd. Politiet kom fordi naboen hadde klaga på høg musikk. Mannen er no satt i arresten i Kristiansand.

Ein moped kanta på riksveg 9 ved Stray klokka 08.37 i dag. Personen er lettare skadd.

Kl. 08.51 vart ein bil frå Sumatra meldt stolen. Bilen har nummeret PP66711. På sørlandssenteret vart ein Hyundai accent meldt stolen i går ettermiddag, men den er no komt til rette.

Politiet beslagla også førarkortet til ein person som køyrde i 129 km/t i 80-sona ved sørlandsparken i går ettermiddag.

Ein mann skapte uro ved snadderkiosken på Tangen i går kveld klokka 19.27. Politiet fortel at han hoppa rundt og skreik og at dei måtte køyre han heim.