Sørnett

Aukande pågång på livsstilsbutikkar

Wibecke F. Pettersen fortel at dei har hatt ei auke i salet av kosttilskudd. FOTO: KJØLLESDAL

Wibecke F. Pettersen fortel at dei har hatt ei auke i salet av kosttilskudd. FOTO: KJØLLESDAL

Helsekostbutikkane på sørlandet merkar at svineinfluensaen er på veg opp igjen.

Publisert:

- Vi har heilt klart merka ei auke i folk på butikkane våre. Dette er alltid høgsesong for vår del, men i år er det eit ekstra trykk på grunn av svineinfluensa, seier dagleg leiar på Sunkost Sørlandssenteret, Wibecke Falkman Pettersen, til Sørnett.

Ho fortel vidare at det er mange som allereie er beviste på kropp og helse, men at fleire kjem til butikkane i desse influensa tider.

- Dei vanlige kundane kjøper ikkje noko meir no i pandemiperioden, men vi har merka ei auke av andre som kjem innom. Dette har sjølvsagt med at det normalt er influensasessong no, men svineinfluensa får nok endå fleire til å ta turen innom, seier Pettersen.

Butikkleiar på Vita Sørlandssentere, Margareth Holdø, kan også fortelle om ei auke.
- Det kjem mange nye kundar inn, og veldig mange av dei er interessert i om vi har noko mot svineinfluensa, fortel ho engasjert til Sørnett.

Ikkje for å motverke H1N1
Korkje Pettersen eller Holdø vil seie at dei har produkt som kan motverke svineinfluensa på linje med ei vaksine.
- Det er klart vi ikkje kan seie at vi har noko som verkar som ei vaksine. Folk reagere forskjellig og har forskjellig toleranse ovanfor virus, seier Pettersen.

[img7376_2LM]

- Vi kan ikkje seie at vi har noko som kan ta knekken på svineinfluensa, men må heller sette fokus på å gjere kroppen best mogleg rusta, seier Holdø.
Begge fortel at det viktigaste dei kan tilby er varer  som styrkar immunforsvaret.

- Vi har produkt som er meint til å betre immunforsvaret, blandt anna c-vitaming og beta-glukan. Dette er særs viktig for å få kroppen så motstandsdyktig som det lar seg gjere, fortel Pettersen vidare. Ho understrekar at C-vitamin er noko av det viktigaste ein kan tilføre kroppen, og at dersom ein merkar noko er det viktig å ta rikelig.
- Kjenner du på kroppen at det er noko på veg, er det viktig å ta mykje C-vitamin, kanskje så ofte som kvar 3. time, avsluttar Pettersen.