Sørnett

Aukar betalingstryggleik i taxi

I løpet av hausten vil desse taxiane få betre betalingstryggleik. Foto: Lisa Mari Harriram Terøy

I løpet av hausten vil desse taxiane få betre betalingstryggleik. Foto: Lisa Mari Harriram Terøy

Nye betalingsterminalar skal installerast før jul i alle taxiane i Kristiansand. Chipen på betalingskortet og pin-koden skal nyttast, slik at betalinga skjer med ein gong.

Publisert:

- Dette vil auke tryggleiken fordi ein må bruke pin-kode når ein betalar, og då kan ikkje kortet misbrukast så lett, forklarar Marlow Lee Andersen, som er taxisystemansvarleg i Agder Taxi.

Betalingsterminalen skal installerast i dei rundt 120 drosjane til Agder Taxi og Sør Taxi sine 90.
- Det er bare fordelar med å innføre den nye betalingsterminalen, hevdar Andersen.

Det blir framleis mogleg å bruke kort utan chip, som til dømes kredittkort som bare har magnetstripe.

Det nye betalingssystemet skal  innførast i heile verda. Forebels er det bare 10-15 % av taxiane i Noreg som har fått installert chipterminalen, men den er under innføring mange stader i landet, ifølgje saksbehandlar Lars Hjelming i Norges Taxiforbund.
- Det er kortselskapa som presser på for sikrare løysingar, seier Hjelming.

Kontrollere omsetninga
Eit anna tryggleiksinitiativ kjem frå staten i form av ei forskrift. Frå og med nyttår må kredittkortterminalar i drosjar vere tilknytta taksameteret. Dette aukar styresmakta si kontroll med betaling i taxiar, noko Norges Taxiforbund ønskjer velkommen.
- Dette gjer omsetninga kontrollerbar, seier Hjelming.
Forskrifta gjeld for dei som kjøper nytt betalingssystem til taxi. Det vert ei overgangsordning på to år for dei få taxiselskapa som framleis har den gamle ordninga.