Sørnett

Byggjeplanane har skapt sterke reaksjonar

Reguleringsplanen er klar: Her kjem 12 nye bustader for bustadlause.

Reguleringsplanen er klar: Her kjem 12 nye bustader for bustadlause.

I dag vart reguleringsplanen einstemmig vedteke i Byutviklingsstyret. Då forslaget fyrst kom på banen, gjorde innbyggarane sterk motstand.

Publisert:

- Me reagerte voldsomt. Det eksploderte litt då dei tok opp byggjeplanane. Då det tidlegare hadde blitt bygd overgangsbustader for folk som kom ut av fengsel i området, vart me lova at det ikkje skulle kome noko meir, fortel leiar i Klappane vel, Tom Garman Bjørnsen. Han syntest nok var nok.

- Kvifor var de så imot forslaget?

- Det dei skal byggje her er jo ekstremt. Det blir leilegheiter for unge menn, som er einslege rusmisbrukarar. Me ville heller ha leilegheiter for einslege foreldre, seier velleiaren. Han likar ikkje uviklinga på Grim.

Skjerma

Det fyrste forslaget var å byggje bustader til 30 personar. Der ein bygning brant ned på den aktuelle tomta, var det meininga å  byggje opp att leilighetskompleks, i tillegg til eit nybygg.

- Då ville det blitt veldig skjerma her, seier Garman Bjørnsen og viser korleis bygningane ville danna ein ”hestesko” rundt friområdet på midten, skjerma frå vegen og nærområdet.

Innbyggjarane sto samla

Etter sterke innvendingar frå fleire velforeiningar i området, vart planane omgjort.

- Det vart ein betent sak. Me var 60 personar frå området her på eit møte, fortel velleiaren.

Så vart eit skriv frå velforeiningane sendt til kommunen. Der står det blant anna:

”Vi mener dette er direkte hensynsløst mot beboere på Grim.
Med foreslått utbygging vil Grim dekke 40 % av behovet for denne type omsorgs-boliger i Kristiansand. Dette vil være svært skadelig, og kan skape et utrygt miljø.”

Endra planane

Etter innvendingane har planane blitt omgjort. Branntomta skal ikkje byggjast opp att, og talet har blitt redusert til 12 bustader. I tillegg skal nybygget innehalde personalbustader, og det blir døgnbemanna.

- Dette er bustader som kommunen verkeleg treng, seier Grete Kvellandskaara (KrF), leiar i byutviklingsstyret, på møtet i dag.

- Det vil bli døgnbemanna, og plasseringa er sentral. Det gjer at bebuarane kan gå til byen, og det har mykje å seie for dei, seier ho.

Velleiaren er ikkje like sikker, og meiner det kan gå utover tryggleiken i nabolaget.

- Korleis trur du det blir?

- Me får satse på at det går greitt, sidan det blir bemanna og sidan det blir meir opent her. Me får sjå kor mykje me kan samarbeide, seier Tom Garman Bjørnsen.

Nøkkelord