Sørnett

Endeleg nynorsk

Marin meiner nynorsk burde vere ein del av undervisninga frå barneskulen, på lik linje med bokmål. Foto: Christine Wergeland

Marin meiner nynorsk burde vere ein del av undervisninga frå barneskulen, på lik linje med bokmål. Foto: Christine Wergeland

Marin Stallemo Bakke (17) har sida 2005 ønskt seg nynorsk som hovudmål. Først på vidaregåande skulle ønske gå i oppfylling.

Publisert:

- Foreldra mine meinte det ville bli for mykje stress for lærarane på skulen om eg skulle byte, så eg venta, fortel ho.

Draumen om nynorsk som hovudmål måtte vente, men Marin ga den ikkje opp.

- Då eg byrja på vidaregåande tenkte eg at no skal eg byte, fortel jenta frå Kristiansand.

- Venene mine skjønte ingenting. Dei kunne ikkje fatte at eg ville ha nynorsk som hovudmål. Eg brydde meg ikkje så mykje om dei negative kommentarane. Det viktigaste er jo at ein sjølv likar det, fastslår ho.

Marin har alltid vore oppteken av språk, og særleg då nynorsk. I dag har ho alle lærarbøkene sine på nynorsk, og skriv berre bokmål viss ho må.

- Det går veldig bra med nynorsk, men verre er det med bokmål, fortel Marin som må innrømme at det til tider kan vere forvirrande å skrive på bokmål.

Meir nynorsk

Mor hennar kjem frå Vestlandet, og ho tenkjer at det er noko av grunnen til at ho valde som ho gjorde. Nynorsk betyr mykje for ho. Marin tykkjer at det er eit vakkert og rikt språk som er viktig å halde på. Ho meiner at både bokmål og nynorsk er nyttig å kunne, men at nynorsk i aukande grad bør flettast inn i norskundervisninga.

- Viss lærarar skriv på nynorsk i tavleundervisninga, vil det bli enklare å få det inn. Nynorsk bør lærast på lik linje med bokmål. Det er ikkje rart at folk ikkje likar nynorsk når dei ikkje mestrar det.

Marin meiner det ikkje kan forventast at tentamen blir all verdens med såpass få nynorsktimar.

- Med fleire timar satt av til nynorsk, vil fleire bli motivert. Viss ein lærar seg språket skikkelig, vil ein oppnå mestring, og då blir det gøy. Det er jo ikkje noko morosamt å gjere ting du ikkje mestrar.

Nynorsk 2012

Til rettskrivinga av 2012, den komande rettskrivinga for nynorsk stiller Marin seg nøytral. Ho høyrde fyrst om dei i ei norsktime, og seinare las ho seg opp på Internett.

- Det er bra at det blir forkorta slik at det blir ei semje om kva som er greitt og ikkje. Men eg likar ikkje alle dei bokmålsorda som aksepterast.

Marin fortel at nynorsk vil miste sin verdi og særpreg med den nye rettskrivinga. Ho er heilt sikker på at ho vil fortsetje å skrive slik ho alltid har gjort.

- Det blir kanskje enklare for bokmålsfolk, men mange av orda klinger feil. Eg får vel rette meg etter nynorsk 2012 etterkvart for å tilfredsstille læraren, ler Marin.