Sørnett

- Fantastisk med auka valdeltaking

STA-leiar Irene Breidal feirar rekordvalet. Foto: STA

STA-leiar Irene Breidal feirar rekordvalet. Foto: STA

STA-leiaren er særs nøgd med den gode oppslutninga ved årets val av tillitsvalde. 21,4 prosent av dei over 8000 studentane gav si stemme.

Publisert:

I går blei årets val til studentparlamentet, fakultetsstyra og velferdstinget på UiA avslutta. Heile 21,4 prosent av studentane gav sin stemme, noko som førte til ein rekordhøg oppslutning med 1793 røyster.

- Dette er heilt fantastisk og ein gledens dag for oss i STA, seier Irene Bredal, leiar av Studentorganisasjonen i Agder i ei pressemelding i dag.

Valdeltakinga har gått opp med 1,1 prosent frå fjorårets valrekord på 20,3 prosent.

Valet varte frå 12 til 21. oktober. Tilslutnaden var høgast ved fakultetet for kunstfag, der 31,7 prosent deltok.

- STA tykkjer det er utruleg gøy at alle fakulteta og avdeling for lærarutdanning har fått over 10 prosent oppslutning kvar, seier Bredal.

- Vi har jobba hardt og lenge for å få dette til, og har fått hjelp av mange dyktige linjeforeiningar, studentaktivitetar og tillitsvalde. I tillegg var det heile 57 kandidatar til valet, så vi har all grunn til å feire årets val, avsluttar Bredal.