Sørnett

- Faremo får liten betydning for Sørlandet

- Dette er ingen jubeldag, meiner Vidar Udjus, politisk redaktør i Fædrelandsvennen. Han trur ikkje landsdelen vil merke noko særleg av at setesdølen Grete Faremo er blitt forsvarsminister.

Publisert:

Grete Faremo frå Bygland kommune blei i dag lansert som ny forsvarsminister. Ho er erfaren i regjeringsarbeid, og har hatt tre ulike ministerverv som justisminister, bistandsminister og olje- og energiminister. Forsvarssektoren er derimot ny for ho, og ho gler seg til å ta fatt på ei ny utfordring, ifølgje fvn.no.

Rådmann i Bygland kommune, Trine Pettersen Grønbech er berre full av lovord om bygdebarnet.
- Dette er veldig, veldig flott. Grete er ei av dei som har skreve innleiinga til kommuneplanen vår i haust. Vi tykkjer det er flott at ho vil bidra og at ho ikkje har gløymd sine lokale røter.

I innleiinga til kommuneplanen siterer Faremo eit gammalt stev og skryt av kvalitetar ved folk og land i Bygland.

- Ho vert oppfatta som ein positiv og god rollemodell på mange måtar. Til dømes har ho oppnådd store resultat i kraft av det ho har gjort. Grete viser at det er mogleg å nå langt, og vi er stolte av henne, skryt Trine Pettersen Grønbech, rådmann i Bygland kommune.

Ingen jubeldag
Vidar Udjus, politisk redaktør i Fædrelandsvennen, jublar ikkje like mykje som rådmannen over valet av Faremo som forsvarsminister.
- Faremo er ei dame med lang erfaring og er eit godt val til ministerposten, men utnemninga er ikkje ein siger for Sørlandet. Eg trur ikkje nokon i Agder har eit spesielt forhold til ho, hevdar Udjus. Han trekk fram at Faremo ikkje har budd i regionen på mange år, og heller ikkje har representert Agder på Stortinget.
- Hennar oppgåve er å samle støtte og gje ro rundt krigssituasjonen i Afghanistan, trur Udjus.
- Dette er ein politikar som statsminister Stoltenberg kjenner og stolar på, forklarar han. [sniplet faktaboks]

Luftforsvaret optimistisk
Inge Oppland ved Kjevik Luftfartskule er optimistisk for dei fire neste åra med Faremo som toppsjef.
- Dette ser vi positivt på i aller høgaste grad. Eg kjenner ikkje bakgrunnen hennar, men vil tru at dette vil gå veldig bra og at vi skal få til eit godt samarbeid.

- Kva utfordringar er det å ta tak i innan forsvaret her lokalt?
– Som alltid er nok personell og kompetane ei utfordring.  Eg trur Faremo har god nok kompetanse, og ho skal vere hjarteleg velkommen hit, seier Oppland.