Sørnett

Kreative cv-ar er ikkje lurt

Ei fersk undersøking frå BI viser at ein kreativ vri på cv-en slår negativt ut.

Publisert:

Nokre arbeidsgjevarar brukar berre 45 sekundar på å grovsortere søkjarar til ei stilling.

Skumles cv-ar

Ved å skumlese cv-ar kategoriseras dei straks som “uaktuell”, “kanskje” og “interessant”. Dette fortel førsteamanuensis Jan Ketil Arnulf ved Handelshøskolen BI til forsking.no.

- Dessverre er samanhengen mellom lesing av CV og val av rett kandidat ofte ikkje så veldig sterk, seier han.

– Arbeidsgjevar brukar ofte ingen klår og systematisk framgangsmåte.

Vektlegg negativ informasjon

Mange jobbsøkjarar går utradisjonelt til verks for å skilje seg ut i mengda.

– Når mange konkurrerer om den same jobben, vil arbeidsgjevar ofte vektleggje negativ informasjon. Dei er redde for å bli lurt av kandidaten, og ser etter grunnar til å sile søkjarar ut av bunken i jakten på dei mest interessante kandidatane, seier organisasjonsforskaren.

Arbeidsgjevar lar seg påvirke av det irrelevante

Jan Ketil Arnulf har saman med Lisa Tegner og Øyunn Larssen gjort eit eksperiment med ein reell jobbutlysing. Der blei det skrevet tre ulike variantar av cv-ane til 12 kandidatar.  Innhaldet var det same, men utsjånaden var ulik. Ein var skriven med ein formell layout på kvitt papir, versjon to var skriven på pastellfarga papir, mens den tredje utgåva var ein kreativ utgåve som skulle skilje seg ut.

Til saman 90 personar vurderte cv-ane. Resultatet viste at alle avvik frå eit formelt format reduserte sjansane for innkalling til intervju. Den same kandidaten hadde dobbelt så stor sjanse til å komme til intervju med ein formell cv til samanlikning med ein utradisjonell.

– Studien viser at arbeidsgjevar lar seg påverke av fullstendig irrelevante sider ved innsendte søknadar og cv-ar, seier Jan Ketil Arnulf til forskning.no.