Sørnett

- Må få betre kontrollrutiner

Tor Sigbjørn Utsogn vil ha forbetra dokumentasjon frå skjenkekontrollen slik at formannskapet kan gjere jobben som klageinstans på ein bra måte.

Publisert:

- Det er viktig å få fram at skjenkekontrollørane har ein vanskeleg jobb. Men i jobben vår som klageorgan, som skal avgjere om utestaden skal miste skjenkebevillinga eller ikkje, er me heilt avhengige av å ivareta rettssikkerheten til utestaden. Då må me ha et godt beslutningsgrunnlag. Det har vi ikkje i saker som dette, fortel Utsogn.

Mister bevillinga
På formannskapsmøtet onsdag vart det vedteke at Frk Larsen og Bakgården mister skjenkebevillinga i tre dagar. Førstnemnde grunna servering av mindreårig person, og sistnemnde grunna servering av person som var «åpenbart påverka av alkohol». I tillegg vart det vedteke at dokumentasjonen i tilsvarande saker skal forbetrast. Det oppstod i tillegg problem vedrørande dokumenta frå skjenkekontrollen til formannskapet på møtet.

Manglande dokumentasjon

- Denne saka er soleklar, og ikkje vanskeleg å avgjere, var den korte kommentaren til varaordførar Jørgen Kristiansen på møtet.

Utsogn sa seg einig i dette, men la igjen vekt på at han ville ha betre dokumentasjon av det som skjer.

- Namnet på skjenkaren er til dømes noko me burde fått informasjon om. Kanskje er det på tide å sjå mot andre kommunar, for å lære av dei. Konfrontasjon er krevjande, men bør vere ein del av jobben, ifølgje Utsogn.

Tar det til seg

Det er ikkje rart at kommunikasjonen mellom dei forskjellige aktørane blir ei sak. Formannskapet har ikkje fått alle dokumenta som eg har sendt over, blant anna utredning frå advokat og fråsegn frå Bakgården. Dei seier at me må bli flinkare med å skrive rapporter, og det tar me sjølvsagt til oss, seier avdelingsleiar ved kontor for skjenkesaker i Kristiansand, Kim Henrik Gronert.