Sørnett

Fønix satsar stort

Kinodirektør, Petter Benestad.                     Foto: Marius Hermann Hallem

Kinodirektør, Petter Benestad. Foto: Marius Hermann Hallem

Kinodirektør, Petter Benestad ynskjer å trekke fleire publikum til eit nyoppussa Fønix. - Vi skal gjere sal 1 til verdas beste kinosal, fortel direktøren.

Publisert:

Snart er oppussinga av Fønix i mål. Det blir pussa opp både ute og inne. Blant anna blir foajeen pussa opp, det blir nymala veggar, nye flisar og nyoppussa dametoalett - til det kvinnelige publikum si store begeistring. Det meste av heile bygget skal vere ferdig oppussa før jul.

- Det meste skal vere ferdig før jul, og så vil vi moglegvis fortsette med litt mindre arbeid til neste år.

Håpar å trekke fleire publikum

Kinodirektør Petter Benestad håpar og har trua på at publikum frå store delar av landet skal tiltrekkast for å oppleve det nye lydanlegget.

 

- Vi håpar at dette skal gje publikum ei heilt ny kinooppleving ved at ein vil få eit heilt anna lydbilete enn det ein har fått på kino tidligare.

Benestad fortel at besøkstalet ligg litt etter besøkstalet i fjor, men har håp om at dei ikkje skal være noko dårligare i år.

- Vi har jo mål som vi strekk oss etter, og det trur eg ikkje vi klarer i år. Men vi ligger an til å få eit besøkstal på 330 000, men har eit mål om å få 350 000.

Best i verda

Når oppussinga vart satt i gong hadde Benestad eit hårete mål om at dette skulle bli den beste kinosalen i verda.

- Det er ikkje berre lyden, men vi har også eit veldig stort lerret og har veldig god komfort på sitteplassane, så totalt sett synes eg vi kan sei det.

Benestad fortel at dei er avhengig av å få filmar som er produsert til å få maksimalt ut av lyden. Men at det fortsatt blir ein bra oppleving å sjå filmar som ikkje har desse lydeffektane.

- For å få full effekt av anlegget er vi avhengige av at det blir produsert filmar som kan nytte lydkvaliteten maksimalt. Men det er Dolby som står bak dette, og vi veit at dei er leverandør av lyd til dei store filmprodusentane, så vi er ikkje redde for at det ikkje skal kome filmar som kan utnytte lydanlegget.

- Kor mykje kostar eigentleg dette lydanlegget?

- Det er ikkje noko ein kan ha i stova for å sei det sånn, humrar Benestad.