Sørnett

- Jesus var ute på fest

Hillsong Kristiansand har ikkje alkoholservering, men dei arrangerer gudsteneste på ein nattklubb for å vere midt i menneske sine liv. Foto: Karl Almedal

Hillsong Kristiansand har ikkje alkoholservering, men dei arrangerer gudsteneste på ein nattklubb for å vere midt i menneske sine liv. Foto: Karl Almedal

Det er ulike syn på alkohol i dei kristne forsamlingane på Sørlandet. Hillsong Kristiansand arrangerer gudsteneste i lokala til ein nattklubb, medan Filadelfia Kristiansand vel å tape pengar på å ikkje leige ut Q42 til arrangement med alkoholservering.

Publisert:

Eg går inn gjennom ein gang eg har gått igjennom før. Sist eg gjekk der sto det folk og hang med ølglas i handa, men i dag står folk med kaffikoppen i ei hand og bibelen i den andre. Kontrastane er store i det som for berre nokre timar sidan var ein av dei største nattklubbane i byen, men som no husar ei av Kristiansand sine yngste kristne forsamlingar.

Gudstenesta startar med eit brak. Lydnivået vert skrudd opp fleire hakk, og moderne musikk ljomar ut i frå høgtalarane. Forsamlinga hoppar i takt med bandet samstundes som dei syng for full hals ein song om kor vakkert namnet Jesus er. Dette er ei forsamling prega av ungdom som får utfolde seg fritt, og det er tydeleg at ungdomen sjølv likar det. Det er få i forsamlinga som ser ut som dei er over 40 år. Lokalet er stappfult, og etterkvart må dei også ta fram fleire stolar til dei som kjem seint. Forkynninga er sentrert rundt bodskapen om forsoning og frelse, og forsamlingsleiarane er opptekne av at ”dei som er nye i dag” skal kjenne seg som ein del av familien.

 

”Velkomen heim”

Hillsong Kristiansand er ei kyrkje som held til i lokala til ein nattklubb. I lokalet er det ein bar med flasker på utstilling, men dei serverar ikkje noko alkohol før, under eller etter møta. Samstundes er dei tydelige på at dei ikkje vil skjule at dei er i ein nattklubb. Etter å ha passert velkomstkomiteen i gangen samlar medlemane seg i baren og minglar før gudstenesta begynner. Over hyllene med alkohol i baren heng det skjermar som lyser opp Hillsong-logoen og teksta ”Velkommen hjem”.

Dette meinar pastoren i Hillsong Kristiansand, Marie Idland, at er uproblematisk.

- For det første så har vi ikkje alkoholservering. Vi er kyrkje i ein nattklubb, men det er ikkje lokalet som gjer at dette er kyrkje – det er menneska. Vi ynskjer å vere ei kyrkje som er tilstade midt i menneske sine liv, difor ynskjer vi å vere midt i byen og ha eit bra lokale.

Vona er at Hillsong sitt uvanlige val av lokale for gudstenestene sine skal trekke til seg menneske som ikkje går i kristne forsamlingar til vanleg.

- Vi prøver å bygge ei kyrkje for dei som ikkje er så vant til å gå i kyrkja. Ein må ikkje ha gått på søndagskule, ha terminologien og kulturen for å forstå kva det går i, seier Idland.

 

[img176213_2LF]

Vi er avslappa i forhold til alkohol

Pastoren meiner at det har vore eit alt for stort fokus på alkohol i kristne miljø, og at ein heller bør fokusere på bibelen sin bodskap.

- Vi formidlar ikkje ein bodskap om alkohol. Vi formidlar ein bodskap om Jesus. Vi nektar ingen å drikke alkohol, vi er inga fråhaldsforsamling, men vi ynskjer å vere bevisste på at vi er førebilete og at alkohol kan vere destruktivt i menneske sine liv. Vi er avslappa i forhold til alkohol. Bibelen seier at vi ikkje skal drikke oss fulle, men ut over det så har vi ikkje eit fokus på alkohol.

Hillsong-pastoren seier at kristne må våge å møte folk utanfor dei trygge stadane.

- Jesus var jo sjølv på festar. Han var med folk som drakk og han gjorde vatn om til vin. Han distanserte seg ikkje frå det som hadde med alkohol å gjere. Han trakk til seg menneske der han var, om det så var på ein fest. Det var sikkert mange barar rundt han også, men han gøymte seg ikkje på dei trygge stadane. Han trakk menneske til seg, og møta med Jesus skapte ei forandring i menneska sine liv. Det vonar eg at vi i Hillsong kan gjere også.

 

[img176213_3RM]

Filadelfia-pastor: Forsamlinga skal vere ein fristad

Filadelfia Kristiansand er ei større pinseforsamling i Kristiansand. Pastor Wiggo Skagestad ynskjer ikkje å kommentere kulturen i andre forsamlingar, men han fortel at Filadelfia ikkje tilet alkohol i kongressenteret deira, Q42.

- Det at vi ikkje tilet alkohol i våre lokalar gjer at vi går glipp av midlar, men vi føler så sterkt for denne saka at det er verdt det.

Pinseleiaren meiner at forsamlingane kunne gjort mykje meir på området.

- Vi som kyrkje har blitt veikare, og vi ser at kyrkja prøver å gjere seg relevant ved å gå motsett veg enn til dømes politiske parti og resten av samfunnet.

Den store elefanten

I tillegg til å vere ei kristen forsamling driv Filadelfia rusomsorg i Kristiansand. Pastoren seier at ein ikkje må gløyme kor farlig alkohol er.

- Narkotikaen er ikkje den største utfordringa i samfunnet. Den store elefanten i samfunnet er alkoholen. Det er mange negative konsekvensar av alkohol, det er berre å sjå på helseutgiftene til staten eller metoo-kampanjen.

Skagestad seier på generel basis at å ha alkohol i kyrkjeromet kan få store konsekvensar for alkoholikarar.

- Det er svært lite som skal til for å trigge den trongen alkoholikarar kjenner på. 

 

Unge kristne drikk meir

I følje statistikken drikk nordmenn stadig mindre. I følgje SSB var alkoholomsetjinga 6,8 liter per person i 2008, medan den i 2015 var på 6 liter. Til samanlikning har Danmark ei omsetjing på 9 liter alkohol.

Sjølv om alkoholkonsumet i befolkninga går ned, drikk kristne ungdomar stadig meir. Den kristne avisa Korsets Seier samanlikna tal frå Blå Kors, og kom fram til at frå 1985 til 2012 hadde antalet kristne i 20-åra som drikk alkohol ofte, auka med over 25 prosent. Dette er mange uroa for.

 

 

[img176213_4LM]

Blå Kors: Vi er bekymra

Arvid Solheim er leiar for Blå Kors i Kristiansand. Han fortel at Sørlandet er den landsdelen med flest ”tørre” forsamlingar, men at også han registrerar at unge kristne drikk meir.

- Kristne ungdomar drikk meir enn for 20 år sidan. Dette har ein samanheng med at foreldregenerasjonen også drikk meir. Borna gjer ikkje som vi seier, men som vi gjer.

Solheim er bekymra for at dei som slit med alkohol skal ha problem med å finne ei ”tørr” forsamling. Han saknar meir ”fastheit” blant kristne.

- I dag er det svært vanskeleg å finne ei tørr forsamling, men det var det ikkje for 20-30 år sidan. Dette er på grunn av samfunnsutviklinga, og at vi kristne følgjer etter samfunnet elles. Kyrkja har vore populistisk og tilpassa seg det liberale samfunnet, seier Solheim.

Alkohol i forsamlingane

Blå Kors-leiaren fortel at Sørlandet har ein betre alkoholkultur enn t.d. Austlandet, der dei ser fleire dømer på at alkoholen har funne vegen heilt inn i forsamlingsrommet.

- Det er betre her på Sørlandet enn til dømes på Austlandet. Der har vi sett dømer på ost og vin på alfakurs, og alkohol i forsamlinga sin regi på jubileumsfestar, konfirmasjonar og liknande

Solheim har ei klar oppmoding til andre kristne.

- Blå kors sitt ynskje er at alle kristne skal vere fråhaldne. Ikkje fordi at det er synd å drikke alkohol, men grunna at vi har solidaritet med dei som sliter. Det kostar ingenting å la vere å drikke alkohol.

 

[img176213_5RM]

Forsamlingsleiar: Null personar som drikk alkohol

Jørgen Tønnesen er forsamlingsleiar på Frikstad bedehus, som ligg like utanfor Kristiansand. Han meinar at bedehuset er ei tørr forsamling.

- Så langt eg veit er det null personar i vår forsamling som drikk alkohol. Eg veit ikkje om nokon, men så har eg ikkje vore rundt i alle krinklar og krokar.

Tønnesen trur det at bedehuset ligg litt utanfor byen har mykje å seie for kva alkoholkultur dei har i forsamlinga, spesielt blant dei unge.

- Per dags dato føler vi at vi har kontroll på dei unge i forsamlinga, men får vi inn nokon nye som begynner med alkohol så kan det endre seg.

 

 

[img176213_6LM]

Biskopen ynskjer bevisstgjering

Biskop i Agder, Stein Reinertsen, er sjølv fråhalden. Han trur at alkohol har blitt vanligare blant kristne, men at konsumet er moderat. Han skulle likevel ynskje ei større bevisstgjering i forsamlingane.

- Eg hadde ynskja at folk vart meir bevisst på alkoholbruken, mest av alt grunna ansvaret vi har for dei rundt oss. Samstundes må vi huske på at dei aller fleste kristne i verda drikk alkohol.

Biskopen trur at det er fleire grunnar til at kristne brukar alkohol i større grad no enn før. Han trekker mellom anna fram at arbeidarrørsla og kyrkja har krympa i takt med fråhaldsrørsla, og at kyrkja har vorte meir liberal på alle områder.

- Skillet mellom kristne og ikkje-kristen etikk har blitt mindre. Kyrkja sin bodskap har blitt liberalisert, og det kan vere noko av grunnen til at fleire kristne drikk alkohol. Samstundes har noko av læra vore usunn oppigjennom tida. Eg tek avstand frå å bruke synd som argument mot alkohol.

 

Ikkje synd å drikke – men å drikke seg full

Vi har vore i kontakt med eit breitt spekter av kristne leiarar på Sørlandet. Dei aller fleste seier at dei tek opp problemstillingar ved alkohol i forsamlingane, og mange seier at dei oppmodar til fråhald. Nokon fortel at dei vegrar seg for å ta opp temaet, og somme seier at dei har vanskar med å nå inn til dei unge i forsamlinga. Ein arbeidar i distrikta kunne fortelle at det hendte at ungdomar kom rusa på møter, og at dei i løpet av kvelden gjekk mellom bedehuset og fest.

Alle kristen-leiarar som vi har vore i kontakt med tek avstand frå å bruke ord som synd om å drikke alkohol, men dei meiner derimot at det er synd å drikke seg full. Eit fåtal av dei seier at dei drikk sjølve, men fleire seier at dei tok eit fråhaldsstandpunkt då dei vart leiarar i forsamlingane sine. Tilsette i IMF, NLM og Normisjon må også skrive under på at dei skal fremmje ein rusfri livstil, og å ha eit nøkternt forhold til alkohol utanfor tenesta.

Ingen med eit liberalt syn på alkohol ville stå fram i denne saka.

 

[img176213_7RF]

Samlast i baren etter møtet

Tilbake i Hillsong-kyrkja har dei kome til avslutninga av møtet. Pastor Marie Idland held ein appell om at dei som ikkje er kristne enda må bli frelst, medan hus-bandet spelar lavt og stemningsskapande i bakgrunnen. Forsamlinga lukkar augene medan nokre få sjeler rekker opp ei hand og mottek frelse, før bandet igjen skrur opp bassen og spelar refrenget om kor vakkert namnet Jesus er, ein gong til. Forsamlinga strekker hendene i veret, og dei ivrigaste på fremste rad hoppar i takt. Diskokulene i taket begynner å snurre, og lysa i taket dannar ein stjernehimmel rundt forsamlinga. Det er eit kraftfult punktum for gudstenesta.

I eit pusterom i musikken kjem møteleiaren ut igjen på scena. Ho er entusiastisk over dagens samling, og seier til forsamlinga at ”no dansar vi oss ut av rommet og så samlast vi i baren” - som sjølvsagt er alkoholfri.