Sørnett

Mobba av læraren

ILLUSTRASJONSFOTO: flicr.com/superkimbo

ILLUSTRASJONSFOTO: flicr.com/superkimbo

Elevundersøkinga 2010 slår fast ei auking av elevar som følar seg mobba av læraren.

Publisert:

Elevundersøkinga 2010 visar at omfanget av mobbing i skulen har vore stabilt dei siste åra. Men fleire elevar enn før seier dei er blitt mobba av ein lærar eller andre vaksne, skriv forskning.no

Vanskeleg å fastslå

-          Ei slik auking kan godt vere tilfeldig, og man skal vere varsam med å trekkje slutningar, seier den verdsleiande forskaren på mobbing, Professor Dan Olweus til NTB.

-          Det bør vere fleire typar kontrollspørsmål for å sei noko sikkert om endringane i lærarmobbing.

Han meiner at det er viktig å fokusere på dei som opplev å bli mobba jamt, særskilt den gruppa som vert mobba to til tre gongar i månaden.

Det er om lag 8,5 prosent av elevane som seier dei blir mobba jamleg, det vil sei frå to-tre gongar i månaden til fleire gongar i veka.

Meir ro i klasserommet

Elevundersøkinga visar òg at elevane opplev at det har blitt meir ro i klasserommet enn tidlegare.

Det er færre som klagar over at dei blir forstyrra av bråk og uro i klasserommet i årets undersøking enn for tre år sidan.

Det er i 8. klasse på ungdomsskulen læraren bruker mest tid på å få ro i klassen, mens i første trinn av den vidaregåande skule brukar læraren kortast tid.

Uro i skulekvardagen er eit av få område kor det har vore ei lita endring frå førre undersøking.

Undersøkinga blei gjort våren 2010, og elevar i grunnskolen og i den vidaregåande skule har svart på spørsmål om deira meining om læringsmiljøet sitt. Om lag 340.000 elevar deltok i undersøkinga.