Sørnett

NRK-journalist om tida i Kina: – Dei pressa kjelder til å ikkje snakke

Peter Svaar her utanfor den forbudte by i Beijing. Foto: Privat

Peter Svaar her utanfor den forbudte by i Beijing. Foto: Privat

Norges Asia-korrespondent vert utplassert i Beijing i Kina. Frå 2014 til våren 2017 var det Peter Svaar som hadde den jobben for NRK. Eit krevjande land å vere journalist i, både som utlending, men spesielt som kinesar, seier han sjølv.

Publisert:

I 2013 tok Peter Svaar over jobben til Anders Magnus som Asia-korrespondent for NRK. Jobben hadde han i fire år, der han stort sett var busett i Beijing. I løpet av dei fire åra fekk NRK-journalisten rapportere frå mange land, men 38-åringen er ikkje i tvil om kva land som var mest krevjande å jobbe i.

– Kina er det mest krevjande landet eg har rapportert frå. Det er fordi sikkerhetsapparatet der er så omfattande, overvåkinga er total, og sikkerhetspolitiet stikk rutinemessig kjeppar i hjula for intervjuavtaler. Det er også andre asiatiske land som er krevjande, til dømes Vietnam, der journalister er nødt til å jobbe med en egen "guide" ved si side heile tida. I Indonesia er dei svært strenge på journalistvisum og ein risikerer lang fengselsstraff om ein jobbar på turistvisum. I Thailand kan man jobbe temmelig fritt så lenge man ikke på noen måte kritiserer buddhisme eller kongefamilien. Alle land har sine særegenheter, seier Svaar som har lang fartstid frå dei forskjellige landa.

Les også:

Kina: Et land uten pressefrihet

Hvordan er det egentlig å bo i Kina?

Kan ikkje samanliknast med Norge

Kina ligg på ein 176. plass på organisasjonen RSFs pressfrihetsindeks for 2017. Det vil seie at berre fire land er dårlegare stilt, deriblant Nord-Korea, og i følgje Svaar kan ikkje Kina samanliknast med noko vestleg land når det kjem til journalistisk arbeid.

–Det er ikkje mogleg å samanlikne journalistiske arbeidsvilkår i vesten og i Kina då det er to heilt ulike verdener. Kinesiske journalistar har så godt som inga handlingsfridom då alle medier er strengt sensurert og regulert. Trår ein over som kinesisk journalist risikerer ein streng straff, seier Svaar som påpeiker at det som vestleg journalist er mykje mildare straffer.

– Som vestleg journalist er den mest vesentlege sanksjonsmoglegheita å miste pressevisumet. Man opplever også rutinemessig innblanding frå kinesiske myndigheiter, som at dei følgjer etter oss eller presser kjelder til å ikkje snakke, held journalisten frå Oslo fram.

Sjølv har Svaar fått merke sanksjonar frå det statlege i sitt arbeid. Blant anna då han skulle intervjue landsbyfolk som kom til å misse eigendommen sin på grunn av det kommande OL i 2022.

– Vi har opplevd å bli fulgt etter fleire gonger av sikkerheitspolitiet og at dei har stukket kjeppar i hjula for våre planer. Til dømes då vi skulle følgje ei gruppe kinesiske miljøaktivister for å ta luftmålingar ved stålverka i Hebei-provinsen i 2015, eller då vi prøvde å snakke med folk i landsbyane som vil bli ekspropriert i forbindelse med vinter-OL i 2022.

Les også:

Endte i fengsel for å gjøre jobben sin

Det dekkes mye, men lite kritisk

Mykje å lære av kineserane

Har du bevisst, eller ubevisst valgt å nedskalere eller ikkje dekke kritikkverdige forhold på grunn av dei strenge reglane?

– Nei. Eg har gjort den same jobben som eg ville gjort i Norge, og tenkt at eg heller risikera å bli kasta ut enn å sjølvsensurere, sler Svaar fast.

Nettopp det kan bli sett på som ei modig handling frå den norske journalisten, og akkurat mot er den tingen Svaar meiner norske journalister kan lære frå dei kinesiske kollegaene.

– Norske journalister har mykje å lære av enkelte kinesiske journalistar, og det er deira mot. Sjølv med overhengande fare for fengsel eller det som verre er finnast det kinesiske journalistar som har valgt å rapportere sannferdig, og har måtte tåle konsekvensen av det. Det er verdt å tenke på når ein sit i trygge Norge og risikerer svært lite, forklarar Svaar som no jobbar med politikk for Dagsrevyen.

- Sterke møter med mennesker i krise er nok det som sit mest igjen, Peter Svaar om tida i Kina

Fredsprisen forandra mykje

Etter at den kinesiske menneskerettsaktivisten Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010 har forholdet mellom Norge og Kina vore alt anna ein rosenraudt. Kina svarte med ein politisk isfront mot Norge, som varte i seks år, og innførte sanksjonar som blant anna svekka norsk eksport av laks til det kommunistiske landet. Svaar jobba i landet under sanksjonane og sjølv om det har normalisert seg politisk, er det like krevjande journalistisk.

– Det påverka vår moglegheit til å få kinesiske myndigheitspersonar i tale på ein negativ måte. Merk at det meste som skjer i Kina har ei kopling til myndigheitene, kommunistpartiet eller det lokale propagandadepartementet, så det var veldig krevjende å få i stand avtaler. Det vart ingen nevneverdig forandring for oss etter normaliseringen rundt nyttår desember 2016.

[img168567_2LM]

No er 38-åringen tilbake på Austlandet med politisk arbeid for statskanalen, og Svaar sit igjen med mange sterke inntrykk etter dryge tre år i Kina og Asia generelt:

– Sterke møter med mennesker i krise er nok det som sit mest igjen, ikkje berre frå Kina, men frå reisene vi var på. Folk som hadde mista alt dei eigde og heile familien i jordskjelvet i Nepal 2015, ei enke som hadde mista mannen sin i narkokrigen på Filippinene, men ikkje hadde råd til å begrave ham, eller familier som hadde mista barna sine i borgerkrigen på Sri-Lanka. Det er den type historier og møter eg alltid kjem til å ha i bagasjen, avslutter Svaar.