Sørnett

12. mai er nynorskens dag

Mange tek seg til å skrive på nynorsk

Mange tek seg til å skrive på nynorsk

Mellom flaggdagen og 17.mai, heve nynorsken fenge sin heim.

Publisert:

2022 er Frivilligheitas år, og i det høve så har forskjellige organisasjonar valt kvar sin dag for frivilligheita, Noregs mållag har valt 12.mai som ''nynorskdagen''.

Det er ein dag kor det blir sendt utfordringar til statlege verksemder, partiar, organisasjonar, avisar og private personar til å skrive nynorsk. Det har ikkje noko å seie om ein skriv bokmål, nynorsk, høgnorsk, riksmål eller samnorsk til vanleg, alle er velkomne til å forsøkje. Dei fleste gjer det med å skrive ei twittermelding med emneknaggen #nynorskdagen. Der har både avisa Nationen, UiO, Olje og Energidepartementet, Miljødirektoratet og tidligare leiar av Noregs Mållag, Magne Aasbrenn lagt ut ei twittermelding med emneknaggen #nynorskdagen.

[img233237_2LM]

[img233237_3LM]

Det er ikkje tilfeldig at det er akkurat 12.mai som er nynorskdagen, det er nemlig den same dagen då nynorsken og bokmålet blei jamstilt i 1885 med ''jamstillingsvedtaket''. Med tanke på at nynorsken kan bli sett på som ein slags ubundeskaps kunngjering så passar det perfekt at nynorsken sin dag ligg mellom frigjeringsdagen og grunnlovsdagen.

Den nye leiaren for Norsk målungdom, Tobias Christensen legg merke til at mange stil spørsmål med kvifor han skriv på nynorsk. På eit innlegg i nettavisa framtida.no skriv han: - Språket mitt er ikkje berre dialekta mi, det er heile dialektmangfaldet. Det er historia til språket. Det er tinga som gjer norsk til norsk, og som skil det frå grannespråka våre. Då er det faktisk nynorsken eg kjenner størst tilknyting til.