Sørnett

Blotting og øltjuveri i Kristiansand

Politiloggen for i natt inneheldt både blotting på Lund og tjuveri i Tordenskjolds gate. 

Publisert:

Kristiansand 17:40

Mannlig bilist vart stoppa i Kongens gate utan gyldig førarkort. Bilisten er meldt.

Kristiansand 17:50

Politiet gjorde beslag av knivar og elektrosjokk-våpen hjå ein mann i 30-åra. Politiet har oppretta sak.

Kristiansand 19:30

Ein mann vart fråstolen ein sekk med øl i Tordenskjolds gate. Begge tjuvane vart etter kort tid pågripne i ei leiligheit i sentrum. Begge var i byrjinga av tjue-åra og kjende for politiet.

Grimstad 00:30

Politiet fekk melding om eskalerande slossing i Storgata. Då politiet kom til staden hadde gjengane forlate staden.

Flekkefjord 01:30

Politiet bistod helsevesenet i oppdrag knytt til sjukdom/psykiatri. Personen kom til rette.

Kristiansand 02:30

Ein person er meldt for kroppskrenking mot ei vakt på ein utestad i sentrum. Han skal ha teke tak rundt halsen og slått han. Mannen vart teke til arresten då han var berusa og ikkje i stad til å ta vare på seg sjølv.

Kristiansand 03:30

Ein person er meldt for urinering i Kristiansand sentrum. Man erkjenner forholda.

Kristiansand 04:30

Ein person blotta seg for eit par i det dei passerte han ved Rundingen på Lund. Politiet har kjørt i området utan å finne mannen.

Risør 05:00

Brann i industribygg i Akland like ved E18. Bygget var overtent, og lokalet vert stengt ei tid framover.