Sørnett

Kommersielle får ikkje starte grunnskule i Kristiansand

Bilete: Akademiet ynskjer å starte opp ein humanistisk grunnskule i Kristiansand. Det har Utdanningsdirektoratet sett ein stoppar for. FOTO: Akademiet.

Bilete: Akademiet ynskjer å starte opp ein humanistisk grunnskule i Kristiansand. Det har Utdanningsdirektoratet sett ein stoppar for. FOTO: Akademiet.

Utdanningsdirektoratet nektar Akademiet Utdanning Norge å starte opp humanistisk grunnskule i Kristiansand. Bakgrunnen er at direktoratet har avdekka fleire brot på friskulelova under tilsyn ved skulane tilknytta utdannings-kjeda. Akademiet svarar med at dette har Kunnskapsdepartementet teke dei til retten for i 2017, og at dei då vann.

Publisert:

I mai 2018 vedtok eit fleirtal av formannskapet i Kristiansand kommune at Akademiet Utdanning Norge skulle få opprette ein ny grunnskule i kommunen. Skulen skulle ha plass til opptil 120 elevar frå 1. til 10. trinn, og skulle vere bygd på livssynshumanismen. I søknaden dei sende til Kristiansand kommune sto det at dei ynskjer å vere “en premissleverandør for livsynshumanistiske verdier, med fokus på etikk, filosofi og kritisk tenkning”. 

Statstilskot har ikkje kome elevane til gode

I førre veke avslo Utdanningsdirektoratet Akademiet Utdanning Norge sin søknad om etablering av ein ny kommersiell grunnskule i Kristiansand. Direktoratet seier at dei har avdekke fleire brot på friskulelova og at dei difor ikkje har tillit til personane bak Akademiet-kjeda.

I vedtaket frå direktoratet står det at “det er vår vurdering at oppstart av nye skoler i Akademiet-kjeden vil innebære risiko for at ytterligere statstilskudd ikke vil bli brukt i henhold til gjeldende regelverk ... tilsynene har bl.a. vist at friskolene i tidligere driftsår har drevet med handel med nærstående selskap på vilkår som gjør at statstilskudd og skolepenger ikke har kommet elevene til gode.

Vidare står det at “erfaringene frå tilsynene med de eksisterende skolene i Akademiet-kjeden tilsier at det er betydelig usikkerhet omkring hvorvidt nye skoler drevet av de samme aktørene vil oppfylle kravene i regelverket, og vi mener at tilliten til aktørene som står bak søknaden derfor er svekket.

Akademiet: Vi er overraska over vedtaket.

[img189315_2RM]

Kjetil Eide er ein av tre menn bak Akademiet Utdanning Noreg som vert namngjeven i vedtaksbrevet. Han er busett i Drammen og seier på telefon at han ikkje kjenner seg att i det som utdanningsdirektoratet skriver i vedtaket.

- Vi er overraska over grunnlaget for avslaget. Vi skal lese grundig igjennom og så kjem vi sikkert til å anke avslaget til kunnskapsdepartement.

Eide seier at forholda som er omtalt i vedtaksbrevet er i frå så langt tilbake i tid som 2011, og at mange av lovene dei har brote har blitt vedteke i ettertid.

- Det som eigentleg har skjedd er at Utdanningsdirektoratet og kunnskapsdepartementet ynskjer ei innstamming av lovverket, men problemet er at dei lagar nye lovar og reglar no som skal ha tilbakevirkande kraft i 2010. Det var ingen som kunne ha forutsett dei lovendringane då. Det er ei lang rekke vurderinger som utdanningsdirektoratet innfører med tilbakevirkande kraft, seier Eide.

I 2017 gikk Kunnskapsdepartementet til sak mot Akademiet, grunna at dei meinte at dei betalte alt for høge leasingprisar på Macbook til eit anna selskap knytta til Akademiet. Det enda med at Lagmannsretten ga Akademiet medhald.

- Då vi starta opp med skuledrift i 2004 så beskreiv vi vår modell der vi hadde eit selskap som skulle levere effektive produkter til våre skular. Vi har kjøpt noko utstyr, som Mac til elevane og slike ting frå vårt skuledriftsselskap. Vi har ikkje gjort noko anna enn vi sa at vi skulle gjere.

Styreleiar for Kristiansand Grunnskole, Rune Dalsbø, ynskjer ikkje å uttale seg i saka.

Politikarane ynskjer ikkje å kommentere

I mai sikra eit fleirtal i formannskapet i Kristiansand beståande av Høgre, Framstegspartiet, Venste og Kristelig Folkeparti at Akademiet-kjeda skulle få opprette Kristiansand Grunnskole.

- Å ha moglegheit til å velge noko anna er ein styrke. Vi meiner at privatskular er med og gjere Kristiansand-skulen betre, og triggar dei til å sjå kva dei andre gjer bra, sa Høgre sin gruppeleiar i bystyret, Renate Hægeland, den gongen.

Hægeland seier i dag til Sørnett at ho ikkje har lese vedtaket, og at ho difor ikkje ynskjer å uttale seg om saka. Heller ikkje Arve Stokkelien (H) i Oppvekststyret i Kristiansand kommune har lese vedtaket, og han ynskjer difor heller ikkje å kommentere saka.