Sørnett

Mann i begynnelsen av 20-åra måtte møte i tingretten etter ran

I mai i fjor skal mannen ha gått inn på ein restaurant i Mandal etter stengetid og slått ein ansatt med ei jernstang i hode og krevd å få pengar i frå kassa

Publisert:

Mannen tok seg inn i ein restaurant i Mandal der han slo ein kvinneleg ansatt i 20-åra med ei jernstang som førte til kraftig blødning fra hovudet og brudd i lillefinger på kvinna. Han trua med å slå ho fleire gongar om ho ikkje opna kassa. Mannen hadde vore i restauranten ved to tidlegare anledningar, først for å kjøpe drikke, og ein gong gjennom bakdøra då kvinna holdt på å gjere opp kassa for dagen. Det var ikkje før tredje gongen han gikk inn i restauranten at han begikk ranet. Den tiltalte mannen erklærte seg skyldig på brudd på både straffelovens § 327. Ran og § 273. Kroppsskade.

Rundt 1000 kroner
Det er ikkje slege fast kor mykje mannen fikk med seg av kontantar frå kassa, men truleg var det rundt 1000 kroner. Mannen skulle ikkje ha vore nøgd med å få posen frå oppgjøret som kvinna var på veg til levere i natt-safe hos banken. Mannen var bestemt på at han skulle til kassa og hente pengar derifrå.

Vart tatt samme kveld
Når mannen først trua kvinna i restauranten ringde ho restaurantsjefen. I full panikk og redsle huska ho ikkje nummeret til politiet, men då kvinna nemde politiet i telefonen vart mannen aggressiv og slo ho i hovudet med jernstanga. Kvinna mista mobilen i det ho prøvde å beskytte seg mot fleire slag. Politiet fant den tiltalte samme kveld i Mandal sentrum, og kvinna blei tatt med på politistasjonen for bekreftelse.

Huskar ikkje mykje
Den tiltalte mannen hadde drukke fleire einingar med alkohol den kvelden og huskar ikkje mykje. Alt skulle ha begynt då han mista bussen frå Mandal sentrum og heim. Forsvarar peika på at det ikkje var eit planlagt ran, men at det hende etter ei rekke med tilfeldige hendingar. Han hadde tilfeldigvis gått inn på restauranten og teke seg eit par drinkar. Etter restauranten stengte skal han ha gått rundt i Mandal då han tilfeldigvis fann ei jernstang som han ville ta med seg. Den tiltalte forklarer at han har ofte tatt tilfeldige ting med seg når han har drukke alkohol.

Aktor meinte at det var alt for mange tilfeldige hendingar for å skulle begå eit ran. Da politiet anholdt mannen fant dei fleire steinar i lommene hans, medan jernstanga skal han ha kasta på elva.