Sørnett

"En by for alle" var ein suksess

OPPFORDRING: Ordfører Harald Furre og prosjektleder Toril Hogstad oppfordrer alle til å ta del i aktivitetene denne uka. FOTO: Ragna Marie Henden

OPPFORDRING: Ordfører Harald Furre og prosjektleder Toril Hogstad oppfordrer alle til å ta del i aktivitetene denne uka. FOTO: Ragna Marie Henden

I veke 6 gjekk Kristiansand kommune si satsing «En by for alle» av staben, fleire aktørar gjekk saman om å setje fokus på likestilling og mangfald. Prosjektleiar Toril Hogstad er kjempe nøgd med arrangementet.

Publisert:

Stor suksess

Prosjektledar Toril Hogstad fortel at arrangementet slo så bra an at det er planlagt til 2019 neste år.

-Arrangementet blei akkurat som me hadde håpa, det satt fokus på viktige tema og økte bevisstheita kring likestilling og mangfald. Så dette skal me satsa vidare på, og i uke 6 i 2019 har me allereie planlagt at det skal avholdas neste år.

Grunna positive mottaking frå publikum håpar Hogstad at det motiverer fleire aktørar til å vere med til neste år.

-No når ein har sett kor bra det blei i år, håpar me at det er med å motivera fleire aktørar opp mot neste år.

Stor interesse kring «Faten tar praten»  

Hogstad fortel at det var fleire arrangement som fatta interesse.

-Det var fleire arrangement som engasjerte, me har ikkje full oversikt enno. Men me såg at likestillingskurset fekk eit godt oppmøte. «Faten tar praten» var veldig populært. Ho vitja blant anna vaksenopplæringa og Kongsgård skule. Dessutan såg me at Sumaya Jirde Ali drog mange besøkande.

Faten Al-Hussaini er kjent frå NRK serien «Faten tar valget», som vakte store reaksjonar. Den 19 år gamle Sumaya Jirde Ali blei kåra til årets bodøværing i 2017 og har utgitt boka «Kvinner som hater menn».

Bakgrunnen for satsinga fortel Hogstad kjem av kommunes felles strategi for likestilling, inkludering og mangfald som har mottoet  «Det er mennesker det handler om!».