Sørnett

"Vi skal bli den beste kommunen i Noreg!"

Prosjektleiar for nye Kristiansand kommune, Camilla Dunsæd, har eit hårete mål om å bli den beste kommunen i landet. Ho ser fram til prosessen, men erkjenner at det er store utfordringar.

Publisert:

1 januar 2020 vert Kristiansand, Søgne og Songdalen til ei stor kommune med over 110 000 innbyggjarar. Kommunen vil ha 8450 tilsette og ha driftsutgifter på 7,7 milliardar kroner. I fjor haust begynte ei fellesnemnd frå dei tre kommunane, leia av ordførar i Kristiansand Harald Furre, den omfattande prosessen det er å flette saman dei tre kommuneorganisasjonane. Fellesnemnda bestemte tidleg at Camilla Dunsæd skulle leie prosessen med å samle kommunane, og tidlegare denne månaden tok ho til i stillinga som prosjektleiar for kommunesamanslåinga.

Skepsis i Søgne og Songdalen

Tysdag ettermiddag vart Camilla Dunsæd presentert for kommunestyra til dei tre kommunane. Dette skjedde på eit felles kommunestyremøte på Scandic Bystranda i Kristiansand. Kommunestyra fekk ein presentasjon av arbeidet som prosjektleiar Dunsæd er i gang med, i tillegg til at Harald Furre informerte om fellesnemnda sin progresjon. Representantane for kommunestyra fekk også drøfte det som kom fram på møtet, og det var ein tydeleg skepsis blant representantane frå Søgne og Songdalen. Særlig representantar frå Senterpartiet, Demokratane og Framstegspartiet var kritiske til prosessane rundt samanslåinga.

«Føler eg har tillit»

Den ferske prosjektleiaren seier at ho gler seg til jobben ho no skal gjere, og at ho føler at det heile er givande. Samstundes er ho tydelig på at prosessen dei er inne i har mange utfordringar. Ho trakk særleg fram harmoniseringsarbeidet mellom kommunane og arbeidet med å digitalisere den framtidige kommunen.

Dunsæd har vore ein kontroversiell person i samfunnslivet på Sørlandet. Som styreleiar for Sørlandet sjukehus har ho blitt mykje omtala i media, og det har vore delte meiningar om jobben ho har gjort. Då ho vart vald til prosjektleiar og rådmann av fellesnemnda vart det sagt av alle tre ordførarane at ho var den beste kandidaten og at dei hadde tillit til henne. Ho føler at også innbyggjarane i kommunane har tillit til henne, trass i bråket som har vore.

- Det er ingen av innbyggjarane i kommunane som har ytra noko anna enn at eg har tillit. Det betyr også mykje for meg at ordførarane har tillit til meg både som prosjektleiar for samanslåinga og som rådmann.

Lang erfaring

Camilla Dunsæd har teke doktorgrad i biokjemi, og har jobba som forskar på Radiumhospitalet i Oslo. Ho har også 18 års erfaring frå forskjellige stillingar i Kvinesdal kommune. Ho var plan- og utviklingssjef mellom 2000 og 2003 og kommunalsjef for helse og omsorg fram til 2007 då ho vart rådmann. Kvinesdal er ei middelsstor kommune i sørlandsk målestokk med 6000 innbyggjarar. Den nye kommunen ho no skal leie har over 110 000 innbyggjarar. Den ferske prosjektleiaren erkjenner at det vert ein overgong å gå frå ei mindre kommune til det som blir den sjette største kommunen i Noreg.

- Det vert sjølvsagt heilt annleis å vere rådmann for ei så stor kommune. I ei mindre kommune kjem ein tettare på innbyggjarane og prosessane i kommunen. Det er sjølvsagt umogleg i ei større kommune. På ei anna side er det enklare å bli betre på smalare områder i ei større kommune, sidan ein har fleire kommunalt tilsette.

Digitalisering

Av andre saker som vart drøfta på møtet, var digitalisering eit viktig tema.

Mira Svartnes Thorsen frå Miljøpartiet Dei Grøne Kristiansand hadde fleire innlegg der ho mellom anna stilte spørsmål til om kommunane skulle samle sine postjournalar på nett, og om kva system den nye kommunen skulle bruke. Det vart også anbefalt at kommunane legg arkiva sine inn i den nye kommunen sine nettsider.

Thorsen hadde også eit innlegg der ho sa at dette var eit historisk møte, og at ho derfor syntest at det var rart at ikkje NRK eller Fædrelandsvennen var på møtet. Ho meinte at det er viktig at media tek på seg ansvaret med å opplyse folket på Sørlandet slik at dei kan meine noko om samanslåinga.

«Kunstsilo»

Ein annan som var fleire gonger på talarstolen var Vidar Kleppe frå Kristiansand Demokratane. Han meinte at det var viktig å «ikkje gløyme dei svakast av dei svakaste i samfunnet, nemlig dei som ikkje er på sosiale medier». I tillegg meinte han at alle dei tre kommunane burde få moglegheit til å stemme over dei kommunale løyvingane til den planlagde ”kunstsiloen” i Kristiansand. Han hevda at ein ikkje kan garantere at ei så stor utgift ikkje kan gå utover løyvingar til helse og omsorg i Songdalen og Søgne.