Sørnett

SP-politikar med krass kritikk mot «uredelig» kommunesamanslåing

Bjarne Bentsen Lieng frå Senterpartiet i Søgne brukte ord som «hestehandel» og «valdtekt» om prosessen rundt kommunesamanslåinga av Søgne, Songdalen og Kristiansand på eit felles kommunestyremøte nyleg.

Publisert:

Bentsen Lieng, som er kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Søgne kommune, kom med den  oppsiktsvekkande utalelsen frå talarstolen på eit felles kommunestyremøte om den nye storkommunen Kristiansand. Lieng påpeika at han er ein demokratiforkjempar, og at demokratiet ikkje er noko ein kan skru av og på. Han meinte at det har vore ein konspirasjon mellom seks ordførarar, ein fylkesmann og ein kommunalminister som har drive «hestehandel» for å realisere kommunesamanslåinga.

- Det er stygt at dei kan torpedere og voldta ein heil landsdel, sa Lieng, og fortalte at han planlegg å ta dette heilt til Stortinget for å få oppretta ei borgarverngruppe mot dette.

Furre: Vonar at han kan legge det bak seg

Dagen etter seier ordførar i Kristiansand, Harald Furre, at han synest at det var interessant at ingen av dei andre politikarane på møtet følgte opp det Liengen sa. Ordføraren ser på innlegget som ein siste protest mot samanslåinga før Liengen forhåpentlegvis kan leggje kampen bak seg. Furre seier at han ikkje har hørt noko meir om ei borgarverngruppe, og trur heller ikkje at han kjem til å gjere det. Han legg til at Lieng ikkje fekk noko støtte frå dei andre representantane i salen.

- Eg trur at det var godt for han å få sagt kva han meinte om saka.

Lokallagsleiaren støttar ikkje ordbruk

Lajla Elefskaas, lokallagsleiar i Søgne Senterparti, seier at dei hadde eit godt møte i lokallaget etter kommunestyremøtet. Ho seier at ho då forklarte Lieng hennar syn på innlegget, men at det blir mellom dei. Elefskaas vil likevel presisere at Senterpartiet tek norske lover veldig seriøst, og at dei ikkje kan støtte Lieng si borgarverngruppe. På spørsmål om ho sjølv har tenkt å bli med i borgarvernet, svarar ho bestemt nei.

Ho vedgår likevel at ho støttar Lieng i at det har vore ein uryddig prosess rundt kommunesamanslåinga, men at ho ikkje vil støtte ordbruk som «hestehandel», «torpedering» og «valdtekt».

«Må stå for han sin rekning»

Fylkesleiar for Vest-Agder Senterparti, Thor Jørgen Tjørhom, presiserer at han ikkje kan gå inn i den politiske debatten på lokalnivå, og seier at han ikkje kan overprøve kommunerepresentantane sine meiningar. Han seier likevel at han ikkje har hørt noko om borgarvernsgruppa til Lieng, og at det uansett ikkje er noko fleirtal i Stortinget for å overprøve samanslåinga. Han legg også til at det ikkje er tradisjon for den type språkbruk i Senterpartiet, og at dette er noko ingen bør vere kjent av.

«Dei har fjerna demokratiet»

Då Sørnett tok kontakt med Lieng i etterkant av møtet, fortalte han at han står for det han har sagt. Han hevdar han at om det hadde vore folkeavrøysting om kommunesamanslåing i dag, hadde fleirtalet av folket i Søgne røysta mot ei samanslåing.

- I Søgne er det ikkje fleirtal for ei kommunesamanslåing. Folket sa nei, kommunestyret sa nei, men ordføraren sa ja. Dei har fjerna demokratiet.

Kristiansand er på beite etter pengar

Lieng hevdar at hovudgrunnen til at Kristiansand kommune vil slå seg saman med Søgne er på grunn av pengane og ressursane i Søgne. Han trur at det kjem til å merkast i Søgne at dei er blitt ein del av storkommunen Kristiansand.

- Søgne kommune eig mellom anna aksjar i Agder Energi, og får ein fin avkastning på desse. På grunn av at dei har teke på seg for høg gjeld er Kristiansand kommune no ute etter pengar. Du kan vere sikker på at noko av det første dei kjem til å gjere etter samanslåinga er å selje aksjane i Agder Energi.

Nærdemokratiet

Ordførar Harald Furre meinar at samanslåinga har god støtte i befolkninga, og hevdar at låg valdeltaking og mange alternativ i folkeavrøystinga var grunnen til at Søgne sa nei. Han trur at uroa rundt samanslåinga no har lagt seg.

Bentsen Lieng meinar på si side at Harald Furre og dei andre ordførarane brukar fine ord, men at dei ikkje har respektert folket sin vilje i saka.

- Dei snakkar fint om nærdemokratiet, men det finst ikkje noko demokrati.