Sørnett

Vipers knuste Larvik i sluttspelfinala

Målvakt Katrine Lunde spelte ei viktig rolle i sigeren over Larvik (Foto: Karl Almedal)

Målvakt Katrine Lunde spelte ei viktig rolle i sigeren over Larvik (Foto: Karl Almedal)

Kristiansand Vipers tok sitt tredje trofé for sesongen då dei slo Larvik Handballklubb 40-28 heime i Aquarama i Kristiansand.

Publisert:

Katrine Lunde og Kari Brattset løftar Vipers sitt tredje trofe for sesongen. (Foto: Kamilla Aabel)

Laurdag kveld var det klart for andre og avgjerande finale i sluttspelet i Eliteserien i handball i Aquarama. Etter at Vipers vann 29-22 i første finale i Larvik, måtte gjestene frå Austlandet vinne med over sju mål for å ha ein sjanse til å ta heim gullet. Det var i periodar mykje mål i begge endar av bana, men det var aldri fare for at Vipers skulle miste grepet om pokalen.

- Vi har eit høgt tempo og køyrer på. Vi spelar veldig godt framover, og slepp inn litt mykje bakover, men det gir god underhaldning for publikum, oppsummerer Linn Jørum Sulland etter kampslutt.

Under kveldens kamp sette Vipers ni av ti ballar og spelte lekker handball. Til pause sto det 21-12 og Vipers fortsette å styre kampen. Vipers vann til slutt kampen overlegent 40-28 og har gjort ende på Larvik sitt hegemoni i Noreg.

[gallery ids="178644,178643,178637,178633,178634,178630,178631,178641,178642"]

Lunde: - Deilig å vinne så mykje mot Larvik

Katrine Lunde har vore målvakt for landslaget og dei beste klubbane i Europa i ei årrekke, og har vunne det som er å vinne for klubb og landslag. Ho sto første omgang og hadde ein høg redningsprosent. Ho fortel at ho er godt nøgd med laget sitt.

- Det er fantastisk. Eg synest at vi har gjort ein kjempegod sesong, så eg er veldig fornøgd. Det er spesielt gøy og deilig å vinne så mykje mot Larvik.

Tvillingsyster Kristine Lunde Borgersen er samd, og seier at Vipers har levert meir enn forventa denne sesongen.

- Det var meir enn vi hadde trudd, men vi har jobba oss gjennom mykje i sesongen, vi har jo spelt veldig bra, vi har eit bra lag, så vi visste at vi kunne slå alle i ligaen, men det står att å gjere det

SJÅ INTERVJU MED TRENAR OG SPELARAR ETTER KAMPSLUTT I VIDEO UNDER!

Siste kamp som hovudtrenar

Kenneth Gabrielsen ga seg som hovudtrenar for Kristiansand Vipers etter denne sesongen, dermed vart sluttspelsfinala den siste kampen på sidelinja i Aquarama. Han var glad for sigeren, og sa at han var stolt over å ha gjort Aquarama til eit fort.

[img178623_2RF]

- Eg er ekstremt glad for sigeren sjølvsagt, og at det er siste kamp har eg vert forberedt på ei god stund. Det var en super prestasjon det vi har levert desse to finalene, totalt sett er vi veldig overlegen.

Store utskiftingar

Dette var også siste kamp for fleire av spelarane. Målvakt Sakura Hauge forsvinn til dansk handball, medan målfarlige Kari Brattset forsvinn til ungarske Györ. Kristin Nørstebø og Pernille Wang Skaug har meldt overgang til klubbane Tertnes og Oppsal. I tillegg går Kristine Lunde-Borgersen tilbake til rolla som assistenttrenar, som ho hadde fram til ho gjorde comeback midtvegs i sesongen i år.

SJÅ INTERVJU MED TRENAR OG SPELARAR ETTER KAMPSLUTT I VIDEO UNDER!