Sørnett

Permanent alarmtelefon for born og unge

ALARMTELEFONEN: Thor Stava, barnevernkurator. 116 111-telefonen i Kristiansand er bemannet døgnet rundt. (Foto: Harald Helland)

ALARMTELEFONEN: Thor Stava, barnevernkurator. 116 111-telefonen i Kristiansand er bemannet døgnet rundt. (Foto: Harald Helland)

Alarmtelefonen for born og unge, 116 111, er no blitt permanent. Elevar ved Kvadraturen skolesenter er positive til at tilbodet består.

Publisert:

Etter at Justis- og beredskapsdepartementet vedtok at Alarmtelefonen skulle få åtte millionar i 2012, har håpet om å nå ut til heile landet blitt større hos dei tilsette.
Kurator i Alarmtelefonen barn og unge avd. Kristiansand, Sonja Askeland, seier til Sørnett at dei har god dekning i Sør-Norge, men at det skortar litt nord for Trondheim.

- Vi vil at alle born og unge i Noreg skal vite om telefonen vår. Dette er eit gratis tilbod som alle kan bruke, til og med bekymra foreldre. Telefonen her nede er bemanna frå 15.00 til 08.00 morgonen etterpå. Då vert alle innringarar frå Sørlandet kopla inn på vår eigen sentral, og får snakke med folk frå fylket. Utanom opningstidene vert dei send vidare til sitt lokale barnevernskontor.

Christina Haugerud, Maria Nordhaug og Adrian Langenes er studentar ved Kvadraturen VGS. Dei har hørt om tilbodet frå Alarmtelefonen, og tykkjer det er eit godt initiativ. Ungdommane er einige om at det er eit viktig tilbod, og vil nok vere til hjelp for ungdom som slit.
Nordhaug meiner at det er ein tryggleik i å få snakke med utdanna personer, i forhold til å snakke med foreldre.
Langenes er einig: - Det er betre å ha moglegheita til å snakke med fagpersonar om det skulle vere noko. Så dette er eit positivt tiltak.

[img58953_2LM]

Innringartalla frå 2011 viser ei auke på 20 % av unge som tok i bruk tilbodet, i forhold til 2010. Dette meiner Askeland handlar om tiltaka som er gjennomført.
- Me hadde ein «eksplosjon» når det gjeld brukarar av tenesta etter tiltaka i 2011. Me hadde kampanjar der vi samarbeida med Stine Sofie – stiftelsen, sendte ut klistremerker til over 1.5 millionar husstandar i Noreg, pressekonferansar m.m.

Askeland seier vidare at ho vonar at fleire tek tilbodet i bruk, sidan det mest sannsynleg er store mørketal. Ho oppmodar folk som vil ha nokon å snakke med til å ringe gratistelefonen.