Sørnett

Regn, regn og atter regn

Det er nokre regnfulle dagar i vente på Sørlandet.

Publisert:

—     Dei neste dagane blir det mykje regn. Vi har ein varm front som trekk nordover og gjer at det blir mildare temperaturar dei neste dagane. Tysdag ettermiddag er temperaturen på 13-14 grader, og slik held det seg fram til onsdag, fortel Solbjørg Apeland, vakthavande ved Stormgeo.

Onsdag kjem det eit lågtrykk som trykkjer innover Norskehavet og gjer at det blir kjølegare på både Vestlandet og Sørlandet. Dette varer ikkje lenge, for torsdagskveld stig temperaturen igjen. Ifølgje Apeland blir fredag den einaste dagen som er opplett denne veka.  Både laurdag og søndag blir regnfulle dagar, med temperaturar på over 10 grader.

Det grå været fortset slik også dei to neste vekene, med ganske stabile temperaturar. Natt til neste måndag vil temperaturen vere heilt nede i fem varmegrader. Apeland kan fortelje at det er inga grunn til at Kristiansandarane skal frykte at vinteren nærmar seg med det første.