Sørnett

Saksbehandlingstida aukar

Talet på klagar går ned, likevel aukar saksbehandlingstida hos Fylkesmannen.

Publisert:

Fylkesmannen i Vest-Agder tok i mot 208 klagesaker etter plan- og bygningslova i 2012. Dette er ein nedgang på 72 saker, det vil seie 25 prosent, frå 2011.


Usikker på årsaka
Ved årsskiftet 2012/2013 var det 128 klagesaker som ikkje var behandla, medan det var 122 året før.  I juli i fjor vart det lovfesta tre månadar saksbehandlingstid. Dette klarte ikkje Fylkesmannen å halde. Fylkesmannen avgjorde 202 klagesaker med behandlingstid på gjennomsnittleg seks månadar. Elin Saltrøe, som er spesialrådgivar i samfunnsavdelinga , er usikker på kvifor talet på saksbehandlingstida auka sjølv om talet på nye klagesaker går ned.

- Det kan ha samanheng med aktiviteten på byggesaksområdet i kommunane, men det må kommunane eventuelt gjere greie for nærmare, seier ho.


I tur og orden
Ved behandling hos Fylkesmannen blir klagesaker som gjeld bustadar av eit viss omfang og saker som har betyding for sysselsetjing og næringsverksemd i fylket prioritert med tanke pål saksbehandlingstid. Elles blir klagesakene behandla i tur og orden slik at dei eldste klagene blir tatt først.

Saltrøe kan fortelje at dette er alle typar klagesaker. Ho legg til at nokre tek lenger tid enn andre.

- Saker som har vanskelege juridiske problemstillingar krev grundigare vurdering, og tek dermed lenger tid.


Arbeider med å betre rutinane
Før det blir gjort eit vedtak, formidlar Fylkesmannen reglane i plan- og byggingslova til saksbehandlarane. Årsaka til dette er at sakene skal bli så godt opplyst som mogleg.

- Vi arbeider no for å forbetre eigne rutinar. God oppbygging av våre vedtak og kompetansebygging for saksbehandlarane er viktig. Målet er ein effektiv og korrekt behandling av klagesakene slik at innbyggarane sine rettssikkerheit blir ivaretatt, avsluttar Saltrøe.