Sørnett

Sødal: - Kommunen vert kalla Kristiansand, då må den også ha byvåpenet

Skal dette vere kommunevåpen for nye Kristiansand kommune? Politikane i Kristainsand, Søgne og Songdalen er ikkje samde.

Skal dette vere kommunevåpen for nye Kristiansand kommune? Politikane i Kristainsand, Søgne og Songdalen er ikkje samde.

Fleire politikarar i Kristiansand reagerer på at ordførarane i Søgne og Songdalen kommune ikkje ynskjer å ha byvåpenet til Kristiansand som kommunevåpen for den nye kommunen. Vidar Kleppe er open for folkerøysting.

Publisert:

Sørnett melde i går at ordførarane i Søgne og Songdalen ynskjer seg eit heilt nytt kommunevåpen for nye Kristiansand kommune. Ordførar i Søgne kommune, Astrid Hilde, hevdar at byvåpenet til Kristiansand har for mange detaljar som gjer det til ei dårleg merkevare. Johnny Greibesland, ordførar i Songdalen kommune, meinar at ein ikkje kan ha relgiøse symbol i eit moderne kommunevåpen.

– Det var sikkert veldig naturlig i 1643 og vi skal for all del ta vare på tradisjonane, men i dag er vi blitt eit fleirreligiøst og fleirkulturelt samfunn, og då tenkjer eg at det beste hadde vore om det var eit religionsnøytralt kommunevåpen, sa Greibesland til Sørnett.

Sødal: - Umogleg å kombinere alle våpena

[img178233_2RM]

Harald Sødal har site i Kristiansand bystyre sidan 1971 for KrF. Han er ikkje samd med ordførarane, og meinar at det er viktig å behalde byvåpenet.

- Vi bør beholde byvåpenet vi har i dag. Det er gammalt og erverdig. Å lage eit nytt kommunevåpen er uansett vanskelig fordi det er umogleg å kombinere alle kommunane i eit våpen, hevdar Sødal.

Sødal synes heller ingenting om påstanden om at Søgne og Songdalen bør få vere med å bestemme våpen sidan Kristiansand får sitt namn på kommunen.

- Kommunen vart kalla Kristiansand, ikkje Otrenes. Då er det naturlig at kommunen også har byvåpenet til Kristiansand, slår bystyre-veteranen fast, og refererer til den planlagt kommunen Otrenes som skulle dannast på 60-talet av Tveit, Oddernes og Kristiansand.

- Vil du forkaste historia?

Lokalpolitikaren reagerer også sterkt på at Johnny Greibesland meinar at byvåpenet er ueigna i ei moderne tid fordi det innheld religiøse symbol.

- Er du interessert i di historie eller vil du forkaste den? Det er spørsmålet. Søgne og Songdalen er unge kommuner med unge våpen, Kristiansand sitt er 400 år gamalt.

Han er heller ikkje samd i at byvåpenet er for detaljert, slik Astrid Hilde hevdar.

- Vi forsøkte å fornye våpenet på tidlig 2000-talet, men som dåverande ordførar Bjørg Wallevik sa den gangen so likna dei mest på øl-etikettar.

Vidar Kleppe: - Open for folkerøysting

[img178233_3RM]

Bystyrerepresentant for Demokratane, Vidar Kleppe, er samd i det Sødal seier, og ynskjer å kompensere Søgne og Songdalen i form av auka midlar til velferd.

- Eg meinar at sjølv om vi er storebror i kommunesamanslåing så bør vi behalde kommunevåpenet vårt. Vi må heller kompensere for befolkninga i Søgne og Songdalen med å investere innanfor skule, kultur, helse og sosialsektor, slik at dei ser at dei tener på å gå inn i kommunen vår, og ikkje minst at befolkninga får betre tenester enn det dei har i dag.

Kleppe foreslo tidlegare i år ei folkerøysting i Søgne og Songdalen om ”kunstilo-saka”, der han meinte at dei måtte få ha innflytelse i saka. No seier han at dersom engasjementet blir stort nok i dei to kommunane vil han vere open for ei folkerøysting om kommunevåpen i samband med val av kommunestyre for den nye storkommunen i 2019.

- Dersom folket i desse kommunane meinar at vi bør ha ei runde på dette med byvåpenet så kan det vere ei moglegheit at vi legg det ut til folkerøysting i samband med kommune- og fylkestingsvalet 9 september 2019, men eg personleg er veldig sterk tilhengar for å behalde tradisjonane og behalde byvåpenet, som eg meinar at er heilt fantastisk flott.

- Vi kan ikkje hoppe over 400 år med historie

Bjørg Wallevik var ordførar i Kristiansand frå 1991 til 2003. Ho håpar at det gamle byvåpenet får leve vidare.

- Eg ynskjer at våpenet skal bestå med dei tradisjonane det har. Det har ein historisk verdi, og vi kan ikkje berre hoppe over 400 år med historie. Andre ting som til dømes kjede kan vi heller gjere noko med for å markere dei to andre kommunane.

Ho legg vekt på at våpenet har ein stor verdi for innbyggjarane i Kristiansand.

- Våpenet er viktig for oss på grunn av historia det har. Det er jo ein levning etter dansketida.

Nytt kommunevåpen

I går kunne Sørnett publisere det første forslaget til nytt kommunevåpen for storkommunen. Det er eit kommunevåpen måla av Søgne-kunstnaren Hildegunn Roll Sverdrup med steinalderkvinna ”Sol”, også kjent som ”Søgnekvinna”, som motiv.

På Sørnett sine Facebooksider kan du no røyste på det kommunevåpenet du likar best av byvåpenet til Kristiansand og Roll Sverdrup sitt forslag.