Sørnett

- Det handla ikkje om minutta eg spela, men måla eg scora

Smilte bredt: Espen Børufsen lot ikkje smilet vendte på seg når han fekk spørsmål om 1-0 scoringa. Foto Andreas Hopen

Smilte bredt: Espen Børufsen lot ikkje smilet vendte på seg når han fekk spørsmål om 1-0 scoringa. Foto Andreas Hopen

16. mai er rekna som fotballens festdag. med kampar som ofte betyr litt ekstra for spelarar og supportarar. Årets utgåve på Sør Arena vart ikkje noko unntak.

Publisert:

Even Brandsdal meinte i forkant av kampen at det burde være fullsatt på Sør Arena, eit hårete mål må ein kunne seie, eit ynskje som ikkje vart oppfylt. For det var i overkant av 3800 som tok turen for å sjå toppkampen mellom Start og Sandnes Ulf. Dei tilskodarane som tok turen fekk servert dramatikk, då Antwi stjal showet på overtid.

Som tatt ut frå læreboka

"Heltane fra Sørlandet" runga over stadion, og den våte krøllgrasmatta glinsa i flomlysa då laga entra Sør Arena. Eit heiltent heimelag med full kontroll i den fyrste omgangen, og det lønna seg. Etter halvtimen spelt blir det slått ein nydeleg langpasning ut mot Espen Børufsen som tek med seg ballen i mottaket. På andre touchet dunka kantspelaren ballen inn foran mål, og der venta ein målsnik frå Nederland. Niels Vorthoren brøyta veg og sette ballen kontant i mål frå kloss hald. Ei scoring tatt ut av læreboka. Sandnes Ulf skapa lite i fyrste omgang, men får til ein liten sluttspurt før pause. Etter eit massivt press mot Start sin boks får heimelaget tak i ballen. I staden for å klarere rotar vertane det til for seg, og misser ballen til Sandnes Ulf. Ballen enda til slutt hos Oddbjørn Skartun inne i feltet, og sogningen lar seg ikkje be to gonger. Den tidlegare Bryne-spissen rappar til og sett den i næraste hjørnet, like før dommar Hauge blås av for halvtid.

Dramatiske sluttminutt

Dennis Antwi kom inn halvveges i andre omgang, og avgjorde etter eit hjørnespark på overtid, og det er ikkje tilfeldig at spissen kom fyrst på ballen. For inne i feltet var det fleire spelarar som er overlegne fysisk i forhold til Antwi, men spissen hadde gjort sitt for utjamne forskjellane:

- Vi har sett på film korleis dei oppførar seg på dødballar. Eg visste korleis dei kom til å angripe ballen, så då var det berre for meg å være i forkant, forklarar ghanesaren.

 

- Det handla ikkje om kor mykje eg spela, men om måla eg scora

Matchvinnaren var ein populær mann etter kampen. Spissen vart benka til fordel for Abu, som fekk sin fyrste kamp frå start, men målscoraren var ikkje misfornøgd med å måtte sitte på benken:

- Vi har veldig gode spelarar, både på benken og blant dei som startar. For meg er det ein del av fotballen, eg sit og les spelet, og så er eg klar for å kome inn å bidra. Det er ingen som bryr seg om kor mange minutt ein spiss spelar, men dei bryr seg om måla han scorar. Om eg berre spelar fem minutt går det greit, så lenge eg scorar, fortel ein diplomatisk Antwi.

Øvde på scoringa før kampen

[img162475_2LM]

Scoringa til Niels Vorthoren var som teken ut av ei lærebok. Ein lang ball ut til på kanten, før det vart slått hardt inn foran mål, ei scoring som nokre av spelarane øvde lenge på i forkant av oppgjeret, ein av dei var Espen Børufsen:

- Det er gøy å sjå at vi får uttelling på det vi trena på. Heile angrepet var eigentleg veldig bra, og så er det deilig å sjå at Vorthoren kjem fyrst på det innlegget, seier Børufsen som har stått bak mange av Starts mål denne sesongen.

Det kunne derimot enda med at Start stod igjen med null poeng i staden for alle tre. Like før full tid var Kjell Rune Sellin aleine med Håkon Opdal. Storscoraren fyrte avgårde eit uvanleg dårleg skot, som enda like utanfor Opdal sitt mål. Like etter fekk Start hjørnesparket som til slutt landa hos Antwi:

- Det er utruleg deilig å sjå at sjansen deira ikkje går inn, og enda deiligare å sjå at vår går inn like etterpå. Det har mykje å seie for kjensla ein sit igjen med etterpå, fortel Børufsen som ikkje er fornøgd med andre omgangen til Start, noko trenar Steinar Pedersen er einig i.

- I dag er det fyrst og fremst deilig å få tre poeng. Om det er fortent, eller ikkje fortent kan andre diskutere. Det er slik fotballen er. Vi spelar ein god fyrste omgang, men kvaliteten fell ein del i andre omgang, seier Pedersen som i pausen bytta ut Heikkilä til fordel for Vikstøl for å vende spelet enda meir.

Står distansen 

Start har scora mykje mål på slutten av kampane i OBOS-ligaen. Steinar Pedersen har tidlegare sagt at laget er veldig godt trent i år, men trenaren trur ikkje at det er grunnen til at laget står distansen heilt ut.

- Det er nok samansett, og det at vi er sterke fysisk er nok ein av dei, men sjølvtilliten trur eg er enda viktigare, seier Pedersen, ein påstand som støttast av Børufsen

- Eg trur det går mest på sjølvtilliten. Vi tør å prøve heile tida, og veit at vi er kapable til å avgjere i sluttminuttane, ein tanke vi kanskje ikkje hadde i fjor, avsluttar kantspelaren.

Start: (4-4-2): Håkon Opdal - Eirik Wichne, Simon Larsen, Tapio Heikkilä (Rolf Daniel Vikstøl 46 min), Henrik Robstad - Daniel Aase (Tobias Christensen 83 min), Gundmundur Kristjansson, Erlend Segberg (Dennis Antwi 66 min), Espen Børufsen - Niels Vorthoren, Abubakar Alyiu Ibrahim

Sandnes Ulf: 4-3-3: Saku-Pekku Sahlgren, Viljar Vevatne, Nicolai Geertsen, Mads Nielsen, Kenneth Sola - Remi Johansen, Roy Miljeteig, Vidar Nisja - Kent Håvard Eriksen (Tomas Kristoffersen 74 min), Kjell Rune Sellin, Oddbjørn Skartun

Sør Arena

16.05.2017

Start - Sandnes Ulf 2-1 (1-1)

Tilskodartal: 3835

Gult kort: Tobias Christensen, Start