Sørnett

Kjempar i botnen av 1.divisjon, men har framleis trua på ny storheitstid

PÅ PLASS: Styreleiar i KIF handball Svein Erik Jensen (i midten) var på plass på Idda for å sjå sitt KIF mot Charlottenlund.                                                                                                                          Foto: Andreas Hopen

PÅ PLASS: Styreleiar i KIF handball Svein Erik Jensen (i midten) var på plass på Idda for å sjå sitt KIF mot Charlottenlund. Foto: Andreas Hopen

Etter ein sjetteplass i 1. divisjon i 2016-17-sesongen satt KIF handball opp ein femårsplan; herrelaget skulle opp i toppen av Eliteserien. Eitt år seinare kjemper framleis den sovande kjempen om fornya kontrakt i 1. divisjon, men styreleiar Svein Erik Jensen firar ikkje på ambisjonane.

Publisert:

Idda Arena er mest kjend for ishallane sine, og søndag var det fullt køyr på isen som vanleg, men vegg i vegg utspelte det seg eit drama med høg temperatur. Men dette dramaet vart utspelt på parkett, ikkje på is. Kristiansand Handball kjempar i botnen av 1. divisjon, denne gong mot Charlottenlund på motsatt side. På trass av sportslege utfordringar har det tidlegare storlaget ambisjonar, og i 2017 kom eit nytt styre inn med ein klar plan; KIF skal tilbake til storheitstida.

Trur på femårsmålet

Svein Erik Jensen er ny styreleiar, og for snart to veker sidan måtte han i lag med styret ta ei avgjersle for å redde klubben sportsleg. Lagets trenar Tihomir Baltic måtte gå, etter to og eit halvt år som trenar for klubben.

– Det var ei avgjersle som vart tatt på bakgrunn av dei sportslege resultata. Vi måtte gjere noko, og då vart det å avløyse Baltic frå trenaransvaret, seier Jensen som er på plass på tribuna med kaffekoppen i handa.

– Kontrakta til Baltic går ut etter sesongen, og per no er han berre lønnstakar i klubben, utan verv. Det var det ryddigaste, fortset den engasjerte styreleiaren.

Jensen vart styreleiar i mars 2017, og då kom han og eit nytt styre inn med ambisjonar. Innan fem år skal KIF tilbake til toppen av norsk handball, men vegen er lang, og først må laget redde plassen på nivå to.

– Vi står på målsettinga trass ein dårleg sesong i år. Helst skulle vi rykka opp i år, men det går jo ikkje. Målet er framleis at vi skal til toppen innan fem år, seier Jensen i pausa mellom KIF og Charlottenlund. KIF leiar kampen, men det er jamnt og hardt. Til vanleg spelar dei kvitkledde på Gimlemoen, men i dag går kampen på andre sida av Kvadraturen. Det er ikkje heime, men det er nære nok.

– Når det er andre arrangement i Gimlehallen spelar vi her. Det er ikkje heilt heime, men det går, held styreleiaren fram medan han skular bort på parketten. Det er eit godt alternativ og ein fin hall, held han fram.

Ser til Vipers og ØIF

På sidelinja står tidlegare landslagskeeper Svenn Erik Medhus, han tar tatt over som hovudtrenar i lag med Preben Nilsen og Vegard Kalstad. Dei har fått trenaransvaret ut sesongen, samstundes som det sportslege utvalet leitar etter ei permanent løysing.

– Det sportslege utvalet tar seg av trenarkabalen, men spør du meg personleg så vil eg ha ein trenar med autoritet, som har ein attraktiv spelestil, og som er klar i meininga si, det er viktig, held Jensen fram medan laga kjem tilbake på bana.

– for min del kunne vi avslutta sesongen no

Svenn Erik Medhus

No når de skal bygge klubb, ser de då til Vipers som har gjort det samme?

– Ja, det må vi sjølvsagt gjere. Vi ser til fleire klubbar. ØIF, Vipers, og så var vi i Danmark og såg på ein klubb der, for å lære om klubbstrukturen. Vi treng ikkje finne opp hjulet på ny. Vegen ligger der, so må vi finne vår måte for å komme oss dit, forklarar Jensen.

Treng nye spelarar

KIF skal bli eit flaggskip i Kristiansand på herresida, men akkurat no er det mykje som manglar før ein er tilbake på topp. Jensen er klar på at laget må styrkast. Klubben må få inn fleire spelarar.

– Vi må ha ein større bredde i stallen. Helst med dobbeldekning på kvar posisjon, slik blir det konkurranse innad, og det er positivt. Vi ynskjer å bygge opp ein stamme med unge lokale spelarar, med rutine rundt. I dag spelar Rui sin siste kamp for oss (David André Rui journ anm.) og så reiser han tilbake til ØIF Arendal etter låneavtalen, det er ein slik spelar vi kunne tenkt oss å ha med vidare, seier Jensen før han går tilbake til tribuna for å sjå den siste halvtimen av oppgjeret. Eit oppgjer med høg intensitet, og mykje tenning. KIF vinn til slutt 24-22 over Charlottenlund, noko som betyr to sigrar på rad med det nye trenarteamet, og KIF klatrar over streken.

– Gutane står på og visar ein vanvittig innsats. Vi møtte eit bra lag, men vi viste at vi ville det meir. Vi får seks utvisningar, medan dei får ein, det seier sitt om kven som ville det mest, seier den midlertidige trenaren Medhus.

[img173305_2LF]

 

– No er vi over streken, men det er dessverre ein del kampar igjen, for min del kunne vi avslutta sesongen no, held Medhus fram humoristisk etter kampen. Han har fokuset på dei neste kampane, og tenker ikkje på om han kan være aktuell som hovudtrenar også neste sesong.

Har vore uheldige

– Vi må ta kamp for kamp. Det går ikkje at vi fokuserar på kva som skjer etter denne sesongen. No er fokuset fram mot neste helgs kamp mot Follo. Vinn vi den kan vi få luke til nedrykk, seier Medhus som meiner KIF ligg der dei ligger mykje grunna uflaks.

– Vi har ein tropp som tilseier noko heilt anna enn det tabellsituasjonen seier. Diverre har vi hatt mykje skader. Fire spelarar har vore ute i ein lengre periode, og ein frå start-sjuaren er ute resten av sesongen, då blir det tungt, seier Medhus som såg David André Rui storspele i sin siste kamp for KIF.

Avslutta med beinbrot

– Eg følar med Rui, han brakk armen i kampen mot Charlottenlund. No missar han sluttspelet med ØIF, eg kjenner verkeleg på det. Han har vore ein viktig spelar, så dette er kjedeleg, seier den midlertidige trenaren.

[img173305_3LF]

Medhus har lang fartstid i handballen, og keeperveteranen har klare tankar om kva KIF må gjere for å bli ei eit topplag igjen.

– Det må byggast større administrasjon og vi må ha fleire folk på marknadsavdelinga. Det vanskelegaste er ikkje å finne folk, men å finne dei riktige personane, som passar inn i klubben, og som kan utvikle den, fortel Medhus.

[faktaboks]

Tre lag rykkar ned etter endt sesong.