Sørnett

Larvik har vunne alt i tolv år, no er Vipers sterke nok til å hevde seg

Veronica Kristiansen har vore ein av Vipers beste denne sesongen. Foto: Andreas Hopen

Veronica Kristiansen har vore ein av Vipers beste denne sesongen. Foto: Andreas Hopen

Vipers har i mange år slitt økonomisk, men med Terje Marcussen bak roret har klubben fått økonomien på plass. No kan dei ta sin fyrste tittel, og vippe Larvik av trona.

Publisert:

Larvik HK er tidenes norske klubblag i handball, milevis foran alle andre. Dei siste åra har vestfoldsklubben, i lag med mange andre, stått på kanten av det økonomiske stupet, men aldri har dei vore trua som no. Etter sesongen missa dei mange av sine nøkkelspelarar. Amanda Kurtovic, Marit Malm Frafjord og Sandra Toft er blant spelarane som har funnet seg nye klubbar, i tillegg til at Karoline Breivang og Gro og Anja Hammerseng-Edin legg opp etter inneværande sesong. Forsterkingane som trenar Tor Oddvar Moen har fått inn er ikkje i nærheten av å halde same nivå.

Sterk stall

Der Larvik slit økonomisk er Vipers i ein heilt anna situasjon. Sponsorane strøymer på, i tillegg til eit nærare fullsett Aquarama på bortimot kvar kamp. Dette har gjeve Terje Marcussen fritt spelerom til å signere spelarar. Frå før av har dei henta inn landslagsspelarar som Marta Tomac, Jeanett Kristiansen og Linn Jørum Sulland, i tillegg til Japans burvoktar, Sakura Hauge. Frå neste sesong kjem keeperlegenda Kathrine Lunde, i tilegg til landslagsspelarane Emilie Hegh Arntzen og Malin Aune. Med desse signeringane er det få, om nokon som har same kvalitet på spelarstallen.

Eit heilhetsprosjekt

I tillegg til å forsterke førstelaget betrakteleg, så er det meir ved Vipers som skrik topplag. Rekruttlaget, Våg Kristiansand, kjempar i toppen av 2. divisjon, og var nære ved å rykke opp til det nest øverste nivået i Noreg. Det føra til at unge og ambisiøse sørlandsjenter kan utvikle seg på eit høgt nivå, til dei er klare for å ta steget opp til det gjevaste selskap. På sikt kan ein då få utvikla eit lag med fleire sørlendingar, i tillegg til at ein hentar inn importspelarar av ypperste kvalitet. Det er det langsiktige, men allereie på torsdag kan trenar Kenneth Gabrielsen ta eit stort steg mot siger i sluttspelet.

Har gjort det før

Fyrst slo Vipers Glassverket på heimebane, ein siger som sikra sølv i serien. Neste kamp skulle spelast i Boligmappa Arena, fortet til Larvik HK. Ein klubb som ikkje hadde tapt på heimebane i serien sidan 90-talet, men det var før Vipers kom på besøk. For der tok dei skalpen, ein kamp som fort kan ha vore starten på tronskiftet i norsk handball. I dag ventar den fyrste av to finalekampar, ein finale som Larvik har vunnet 16 gonger tidlegare, og kvart år sidan 2005. I år er det derimot eit skadeskutt LHK som skal opp mot eit høgtflygande Vipers. For i følgje Tor Oddvar Moen kjem verken keeper Sandra Toft eller høgreback Amanda Kurtovic til å spele finalane mot Vipers. Den einaste som kjem tilbake er kantspelaren Thea Mørk. Eit skadeplaga Larvik, som har vakla i sesonginnspurten, mot eit sjølvsikkert og robust Vipers. Det som ein gong ville vore ein maktdemonstrasjon, ligger no an til å bli den jamnaste finalen på mange år, og Vipers har slått dei før, så kvifor ikkje igjen?