Sørnett

- Sterkt av gutta å svare slik etter det målet i mot

Foto: Lars Rødseth

Foto: Lars Rødseth

Start fekk ein vanskeleg start på kampen mot Florø med ein tidleg baklengs, men opprykksfavoritten kom knallsterkt tilbake og vann stort, med ein debutant på scoringslista.

Publisert:

Steinar Pedersen advarte mot Florø sine dødballar i forkant av kampen borte mot Florø, og det med rette. Etter seksten minutt får Florø hjørnespark. Stefan Aase slår ballen presist inn til Runar Hove som stanga vertane i leiinga foran eit fullsatt Florø stadion. Trass kalddusjen skulle det ikkje ta lang tid før gjestane frå Kristiansand kom tilbake. Kristijansson fossa inn i Florø sin 16-meter før han slår ut til Espen Børufsen. Kantspelaren breidsida inn utlikninga til stor jubel blant dei få tilreisande supportarane. Etter utlikninga bølga kampen fram og tilbake, men Start fekk eit spelemessig overtak etter at dei vart vande med underlaget. Fem minutt før pause får Start tildelt eit frispark like utanfor Florøs 16-meter. Simon Larsen smell til med eit frispark under muren, der Florøs sisteskanse, Nicklas Frenderup, gav ein noko klønete retur til Dennis Antwi som sette ballen sikkert frå kloss hald.

Dei er jo to meter høge, då kan det fort kome mål i mot

Debuterte med brassescoring

Etter 58 minutt prøva Florø å spele seg ut frå eige forsvar, men missa til slutt ballen til Espen Børufsen. Ringreven dreg seg inn i feltet og avsluttar sikkert i det lengste hjørnet, ei scoring som visar litt av kvalitetsforskjellen mellom laga. Trass tomålsleiing til gjestane fortset Florø å angripe, det gir rom til innbyttar Abubakar Ibrahim Aliyu. Florø sin sisteskanse rotar det til på ny og debutant Abu set inn sluttresultatet til 4-1 med eit spektakulært brassespark.

- Dei er jo to meter høge 

Steinar Pedersen var ein fornøgd mann etter tremålssigeren i Florø, og er fornøgd med korleis laget gjennomførte kampen:

- Vi leverte ein god kamp tykkjer eg. Spesielt i andre omgang tok vi kontringane, og styra kampen. Eg tykkjer også det er sterkt av spelarane å svare slik dei gjere etter ein tidleg baklengs fortel Pedersen på telefon frå Noregs vestligaste by.

Før kampen advarte Pedersen mot dødballane til Florø, og dødballar følar Pedersen at Florø fekk for mykje av:

- Dei fekk alt for mange hjørnespark i første omgang. Dei er jo to meter høge, då kan det fort kome mål i mot, slik som det gjorde, seier han med ein spøkefull tone.

- Han vart utruleg glad

Trass mange offensive spelarar ute med skade, scora Start fire mål på eit gjerrig Florø-lag, men det overraskar ikkje Pedersen, som fekk ein ny spelar på scoringslista:
- Vi har mange gode offensive spelarar trass skadene. Dei jobbar knallhardt defensivt og tek kontringane når det let seg gjere. Det var utruleg artig at Abu scora, og han vart veldig glad sjølv. Det var jo ei fin scoring også, der han set den med ryggen til mål, avsluttar Pedersen som skal ta med Start på ei siste trening i Florø før dei reiser heim i morgon ettermiddag. På 16. mai ventar toppkampen mot Sandnes Ulf som på søndag knuste Bodø/Glimt 3-0.

Kampfakta: 

Stadion: Florø Stadion

Tilskodartal: 1576

Gule kort: Erlend Segberg og Simon Larsen, Start. Monir Benmoussa, Florø.

Lagoppstilling: 

Florø (4-3-3): Nicklas Frenderup - Kim Ødegaard Vik, Runar Hove, Vegar Gjermundstad, Christopher Lindquist - Simen Reksten Solheim, Erlend Hove, Stefan Aase (Luc Jeggo 85 min) - Peter Aase, Oliver Rotihaug (Truls Hovland 66 min), Monir Benmoussa (Rashad Mohammed 66 min).

Start (4-4-1-1): Håkon Opdal - Eirik Wichne (Jens Kristian Skogmo 72 min), Tapio Heikkilä, Simon Andreas Larsen, Henrik Robstad - Daniel Aase, Gudmundur Kristjansson (Nigel Reo-Coker 85 min), Erlend Segberg, Espen Børufsen - Niels Vorthoren - Dennis Antwi (Abu, 63 min)