Sørnett

Strid om 22 juli - minnesmerket

Trond Blattmann i nasjonal støttegruppe etter 22. juli er sint etter det han føler er overkjøring frå ordførar og varaordførar angåande minnesmerket ved Domkyrkja.

Publisert:

Minnesmerket frå 22. juli, som skal avdukast ved Domkyrkja i slutten av månaden, har skapt store reaksjonar. Leiar for støttegruppa etter 22. juli, Trond Blattmann, seier i dag til Fædrelandsvennen at han er svært opprørt etter at ordførar og varaordførar i Kristiansand reduserte omfanget av minnesmerket.
- Kvifor skal høgare hold gripe inn på ein skulptur som skulle vere pen og verdig, samtidig som etterlate kunne gått her med lys og kjensler. No minner dette meg meir om ei gravstøtte seier ein skuffa Trond Blattmann til fvn.no.

Ordførar Arvid Grundekjøn og varaordførar Jørgen Kristiansen svarar på kritikken frå støttegruppa:
- Kanskje Blattmann og resten av støttegruppa kan kallast «inhabile» i denne samanhenga. Me har fått vurdert dette litt meir på avstand enn støttegruppa, og har godkjent dette minnesmerket i forhold til bystyret sine rammer i prosjektet, seier Kristiansen til avisa. Grundekjøn seier til same avis at dei har kome fram til ei løysning som dei meiner er verdig og fin, og at det ikkje vil bli endra noko på den no.