Sørnett

Tiltalt kvinne føler seg uthengd i media

Ei kvinne i femtiåra sto i dag tiltalt i Kristiansand Tingrett for vald og trugslar mot offentleg tenestemann. Ho erkjente straffskuld, men ho meinte at det var formildande at ho hadde fått hard medfart i media.

Publisert:

Kvinna tilsto i retten at ho natt til ein laurdag i oktober i fjor sparka ein politibetjent utanfor ein utestad i Lillesand. I tillegg erkjente ho å ha drapstruga politimannen sin familie. Kvinna arbeidar til dagleg i helsesektoren og sa til betjenten at om kona eller kjærasten hans skal føde kjem ho til å strupe barnet. Då dei gjekk til arrestasjon av kvinna gjorde ho motstand, og truga ein kvinnelig politistudent med at viss ho kunne ville ho ha valdteke henne. Den andre politibetjenten, som hadde utanlandsk opphav, fekk beskjed om å «oppføre seg som ein nordmann».

«Eg er uskuldig»

Kvinna erkjente straffeskuld i retten, men grunna det i at ho stolte på at politimennene tala sant og at ho håpte på lågare straff. I retten sa kvinna at ho ikkje hugsar noko av det som skjedde den kvelden, og at ho ikkje kjente igjen nokon av politibetjentane då dei vitna i retten.

Kvinna meinte at heile saka var grunna ei misforståing om at ho hadde slått ein person på utestaden med eit ølglas, og at andre personar hadde fortalt dette til politiet. Ho hevda at dette var eit uhell. Kvinna meinte at ho var uskuldig fordi det var dei andre personane på utestaden som var skuld i at ho måtte møte i retten.

Hard medfart i media

Både kvinna sjølv og forsvararen hennar la vekt på at kvinna hadde hatt vonde opplevingar etter at saka vart omtala i media. Like før nyttår publiserte ei lokalavis ei sak om hendinga, og ho meinte då at medieoppslaget identifiserte henne. I følgje henne visste «alle» i Lillesand kven det var då dei las saka, og at avisa derfor gjorde ein allereie vanskelig situasjon enda vanskelegare. Forsvararen meinte at dette burde vere ein formildande faktor, medan aktor meinte at medieomtale rundt saka var «påregnelig».

Tidlegare dømd for trugslar

Aktor la vekt på at det ikkje var første gong kvinna var i retten grunna trugslar mot politiet. I 2008 fekk ho eit førelegg på 8000 kroner for tilsvarande trugslar som no. I tillegg meinte aktor at trugslane og valdshandlingane kvalifiserte til ei streng straff. Aktor ba om 26 dagar ubetinga fengsel, noko forsvararen meinte var i overkant strengt og ba om ein betinga reaksjon eller samfunnsstraff. Kvinna sa at ho var villig til å gjere kva som helst for å unngå fengsel fordi ho då var redd for at ho ville miste stillinga si.