Sørnett

Tjue år på jakt etter jobb

Edward Jada (47) vert ofte spurt om korleis han klarer å smile etter alle desse åra på jobbleit. Foto: Helene Reite

Edward Jada (47) vert ofte spurt om korleis han klarer å smile etter alle desse åra på jobbleit. Foto: Helene Reite

Edward Jada (47) har ein CV mange berre kan drøyme om. Likevel har han leita etter jobb i snart tjue år.

Publisert:

- Eg har mista tellinga på kor mange søknadar eg har sendt etter at eg kom til Noreg i 92, fortel Jada.

Han har to mastergrader og ein bachelor. Lista av kurs, frivillig engasjement og verv er lang. Han snakkar norsk utan problemer. Likevel har han kun tilbrakt to av dei tjue åra i Kristiansand i relevant jobb. No er han arbeidsledig, jobbsøkande, men ikkje motlaus.

Innpakninga kan ingen endre

Edward Jada er fødd i Soroti, aust i Uganda. I 1992 kom han til Noreg på grunn av politiske urolegheiter der. Han hadde høge forventningar om både trygghet og jobb.

- Trygghet fekk eg, men jobb har eg framleis ikkje fått, seier han.

Han fortel at han har fått råd om å prøve å endre navnet.

- Men kva hjelper det? Sjølv om navnet endrer seg kan ikkje eg endre meg. Folk må godta meg for den eg er. Eg verken kan eller vil endre på den eg er, seier Jada.

Satt ikkje stille

- Då eg først kom på asylmottak i Oslo hadde eg eit mål, og det var å tilpasse meg, seier Jada.

Det tok ikkje lang tid før han vart leiar for bebuarane på mottaket og sette igong sosiale aktivitetar. I tillegg organiserte han ugandarar som ikkje fekk opphaldsløyve.

- Norske myndigheter trudde ikkje situasjonen vi kom frå var ille nok, og ville sende oss tilbake, fortel Jada.

Samme året fekk han opphaldsløyve og vart tidleg engasjert i å få høgt utdanna innvandrarar ut i jobb. Men det skulle vise seg at det tok seks år før han i det heile fekk ein vaskejobb. 

Frå jordbærplukking til FN

Han har ein master i offentleg politikk og leiing og ein i utviklingsleiing, begge frå UIA. Bacheloren i økonomi og administrasjon tok han i heimlandet, men måtte ta den om att i Noreg.

- Eg har stort sett jobba med reingjering, lagerarbeid og jordbærplukking, seier Jada.

Men i to år jobba han for FN i Sri Lanka. På grunn av sitt engasjement i flyktningehjelpa fekk han tilbod frå utanriksdepartementet om å reise som regionsleiar med administrative oppgåver.

- Dette var særs relevant for utdanninga, så eg var sikker på at eg kom til å få meg jobb når eg kom tilbake til Kristiansand, seier Jada.

Det skulle vise seg at han tok feil.

Føler seg skyvd vekk

Han har søkt jobb i kommunen mange gonger, men vert ikkje ein gong kalt inn på intervju.

- Eg og føler meg skyvd vekk og har fleire gongar hatt lyst å gi opp, seier han.

Men han trur ikkje han er den einaste.

- Mange lider i stillhet og tek dei jobbane nordmenn ikkje vil ha. Eg trur ikkje det er mange med innvandrarbakgrunn av dei ansette i kommunen. I tillegg virkar det som om du må kjenne dei rette folka viss du skal finne jobb her, seier Jada.

Han fortel om ein gong han var på intervju og vart spurd om han ikkje ville flytte tilbake til Uganda.

- Då vart eg provosert. Ungane mine snakkar sørlandsk og vi har budd her i tjue år, seier han oppgitt, og legg til at han ikkje kunne tenkt seg å flytte frå sørlandsbyen. 

Evig optimist

- Eg har vorte ein ekspert på korleis skrive søknad, seier Jada, og legg til at han har så mykje relevant erfaring at han må prioritere kva som skal på CV-en.

Han har ei historie som ville fått dei fleste av oss til å surmule, men han har enno ikkje latt bitterheten fått slå rot.

- Mange spør meg korleis eg klarer å alltid smile etter tjue år med jobbsøking. Eg har inga maske. Det er berre slik eg er. Eg misser motet så lett, fortel han.

Til og med etternavnet har ein positiv klang.

Aviskjendis

Det er ikkje første gong Jada fortel historia si. Han var i Aftenposten i 1992 og i Fædrelandsvennen i 2008, der han og skreiv eit krasst avisinnlegg.

- Eg prøver å bli sett, men det hjelper ikkje, seier han.

Han held foredrag på skular med det evinnelige temaet “innvandrarar og jobb”. Han virkar litt lei av temaet.

- Eg har gjort alt eg kan, men likevel har eg fått nei på nitti prosent av alle dei jobbane eg har søkt på, seier han.

Fleire ballar i lufta

- Jeg har vorte nødt til å balansere mange ting samtidig, fortel Jada.

Ikkje alle klarer å kombinere master, familieliv og jobb.

- Eg las på nettene, seier familiefaren.

Han har tre born på 16, 14 og 12 år. Kona har også mastergrad, men får likevel ikkje relevant jobb. Ho jobbar som assistent på ein sjukeheim.

Sjølv om navnet Edward betyr ”rikdommens vokter” har dei ikkje råd til å unne seg luksus.

- Vi har mykje studielån og rekningar, seier Jada.

Familien på fem har berre tre soverom i ei lita leilighet. Fordi dei ikkje har fast inntekt får dei ikkje lån.

- Vi kan ikkje fortsette å leve slik, legg han til.

Draumejobben

- Rådgjevar, konsulent eller noko administrativt er draumen. Eg vil ikkje jobbe for pengar, men gjere noko meiningsfyllt, seier Jada.

Han hadde eit vikariat i Imdi i seks månadar, og måtte då pendle til Bergen. Når det gjekk ut fekk han ikkje beholde jobben.

- Der kunne eg virkelig tenkt meg å jobba meir, seier han.

I jakta på draumejobben får han drahjelp frå ein organisasjon som heiter Global future. Dette er eit program i regi av NHO Vest-Agder, som på ulike måtar hjelper høgt utdanna innvandrarar ut i jobb. Ein gong i månaden får han kurs og vegleiing i korleis finne den rette jobben. 

God rollemodell

- Eg seier til borna mine som min far sa til meg: Utdanning er viktig, og ein må ha høge mål, seier han alvorleg.

Han må ofte forklare borna kvifor han ikkje jobbar.

- Dei lurer jo på kvifor dei ikkje får ski og kvifor vi bur som vi bur, seier han, og legger til at han trur det å få seg jobb vil bli endå tøffare i framtida.

Men den smilande akademikaren ser ikkje ut til å bære preg av framtidsfrykt.

- Eg har ein sterk vilje, og det får meg til å fortsette leitinga, seier han.

Sjølv om han har lite av jobb og pengar, har han mange historier.

- Du skal ikkje sjå vekk i frå at det vert ei bok av alt dette, avsluttar han.