Sørnett

UiA aukar meir

VEKST: Studentane straumer til UiA. FOTO: Hanne Kristin Pedersen

VEKST: Studentane straumer til UiA. FOTO: Hanne Kristin Pedersen

Studentmassen i Agder aukar meir enn i resten av landet.

Publisert:

Det har vore ein jamn auking av studentar ved dei fleste utdanningsinstituttane over heile landet dei siste åra. Det viser

ferske tal ifrå Statistisk sentralbyrå.
Aukinga over heile landet har vore på 3.33% frå 2008 til 2009. På same tid har Universitet i Agder hatt ei auking på 6%.

Overgangen frå høgskule

Studiedirektør ved UiA, Bjørn Monstad, trur aukinga har mykje med overgangen frå høgskule til universitet i 2007 å gjere.
- Aukinga visar at Universitetet i Agder har blitt ein meir attraktiv studieplass. Vi har òg jobba mykje med å oppretthalde eit godt omdømme.


Ny utredning på veg.

Departementet har bedt styret ved Universitetet i Agder om å skrive ein utreiing om framtidig kapasitet.
- Korleis denne utredninga vil ende, veit vi ikkje endå, seier Monstad. Den er ikkje gjennomdrøfta i styret, men vi arbeidar med saken.

Framtidig vekst
Samstundes som eit nytt bygg blir reist på Gimlemoen, har UiA også fått leid eit nytt bygg i Grimstad.
-Vi har ikkje plass til særleg fleire studentar her og no, men når desse bygga blir tatt i bruk kan veksten halde fram, seier studiedirektøren til Sørnett.no.

Studentane Siri Hodne (20) og Ina Haugen (21)  tykkjer det er fint at Universitetet i Agder er i vekst.

- Men då det var eksamenstid fur jul var det lite plass. Vi var 13 stykk på eit grupperom berekna for fem. Nokon måtte sitje på golvet, seier Haugen litt oppgitt. Begge er likevel einige om at dei kan godt få fleire studentar til byen sjølv om det kan vere trongt til tider.

Studieredaktøren fortel at dei òg har lagt stor vekt på å rekruttere både gode lærarar og studentar.Dei to studinene, som studerar fyrste år med omsetjing på Universitetet, er nøgd med dei fleste av lærarane.

-Dei som er flinke kan veldig mykje, seier Hodne. Men nokon har litt problem med å leggje opp gode læringsmetodar.

[img11432_2LM]