Sørnett

Unikt prosjekt i Noreg

ILLUSTRASJONSFOTO: Flickr.com/drewleavy

ILLUSTRASJONSFOTO: Flickr.com/drewleavy

Før vegring får utvikla seg til eit problem, skal tilsette som jobbar med born ta opp uromomenta med foreldra. Det er målet for eit nytt prosjekt i Kristiansand kommune.

Publisert:

I mars 2011 startar prosjektet “å ta opp uroen” i Kristiansand kommune. Dette er eit pionerprosjekt frå Finland, som tar sikte på å byggje ned barrierar mellom ulike sektorar i kommunen og auke kompetansen hos tilsette i det  å ta på alvor uro rundt born med bornas foreldre på ein positiv måte.

Utviklingsarbeidet skjer i samarbeid med Sørlandet sjukehus, Universitetet i Agder og fagfolk frå Finland. Det er i Finland konseptet har blitt utvikla, og der vil det òg i alle kommunar bli implementert frå hausten 2010.

Opplæringa skal skje i to fasar

1)      Det utdannas “trenarar” blant fagfolk tilsett i skular, barnehagar og helse- og sosialtenester.

2)      “Trenarane” lærer opp andre kommunelt tilsette i den måten å tenkje på i tverretatleg samansette grupper.

- Over tolv dagar i 2011 skal det læres opp såkalla trenere til prosjektet, fortel prosjektleiar Svein Ove Ueland.
-  Då får dei kompetanse i korleis dei skal gripe fatt i problemet, og korleis dei skal lære opp andre tilsette i deira etat. Slik vil opplæringa fortsette. Trenarane vil halde kurs på tre gongar tre timar, forklarar han.
Ifølgje handlingsprogrammet til helse- og sosialstyret i Kristiansand kommune for 2011-2014, er målet for 2011 å gjennomføre opplæringa av trenere frå minimum tre skoler, seks barnehagar, tilsette i helsetenesta, barnevernstenesta og PP- tenesta. Dei skal vidare lære opp 120 nye tilsette kvart år.

Sei i frå utan å fornærme

-Prosjektet har blitt mottatt med veldig stor interesse. Det er fleire som ynskjer å vere med frå starten enn det vi har kapasitet til, seier Ueland.

- I dag er det er eit langt steg for å vere uroa for noko,til det blir gjort noko med det. Poenget er at alle tilsette skal kunne formidle uroa på ein måte som gjer at foreldra ikkje føler seg tråkka på, avsluttar Ueland.

Prosjektet har tidlegare vore prøvd ut i Søndre Nordstrand i Oslo, men sett bort i frå det er Kristiansand første kommune som har lagt prosjektet inn i handlingsprogrammet sitt.