Sørnett

Usikker framtid for Aikijutsu

Alvar Watne tykkjer det er viktig å rekrutere barn og unge til sporten. FOTO: Privat

Alvar Watne tykkjer det er viktig å rekrutere barn og unge til sporten. FOTO: Privat

Den nyoppstarta kampsporten Aikijutsu har rundt ti medlemmer i Kristiansand, men kunne hatt fleire viss dei hadde hatt ein betre plass å trene.

Publisert:

Det meiner instruktør og initiativtakaren til Aikijutsu i Kristiansand, Allvar Wattne. Han håpar at dei får plass i den kommande Idda Arena. Wattne poengterar at det er greitt der dei trenar no, men dei treng betre plass og eit lokale som appellerer til dei unge. Ein annan viktig faktor er at dei vil ha fleire treningar i veka.

- I dag har me berre ein trening i veka og det mest ideelle i forhold til sporten Aikijutsu, hadde vore tre gonger i veka, seier Wattne.

Kristiansand kommune har ingen kommunale anlegg for kampsport, med unntak av kjellaren i Odderneshallen kor AIK Lund bokseklubb trenar.

Snart ferdig med Idda Arena

Bygginga av Idda Arena er i full gang og skal etter planen vere ferdig på førsommaren neste år. For å få plass til å trene i den nye hallen, må sportsklubbane søkje om plass innan første mai 2011.

 - Det er synd viss ikkje Kristiansand kommune gir plass til ein slik klubb som satsar veldig på barn og unge. Jo tidlegare ein får barn og unge i slike miljø, jo mindre sjanse er det for at dei ikkje kjem inn i feil miljø med rus og alkohol, seier Wattne engasjert.

[img28152_2LS]

 Idrettssjef i Kristiansand kommune, Terje Abrahamsen seier til Sørnett at kulturdepartementet i Kristiansand har dei siste åra prioritert pengar til blant anna nye fotballanlegg og ikkje kampsportmiljøa i byen. Abrahamsen seier at dei har ein utfordring med at alle skal få ein plass å trene.

 -Me vil no prioritere idrettar som set fokus på barn og unge, så slik sett har Aikijutsu ein bra sjanse til å få plass i Idda Arena. Det kjem an på kor mange som søkjer om å få trene i den nye hallen. Me satsar på at alle skal få plass. Men kor mykje tid dei ulike sportane får, kan variere.  

-Det er hard kamp om plassen, så eg håpar det ordnar seg, seier Abrahamsen.[sniplet faktaboks]

Er uroleg

Alvar Wattne ottast over framtida til Aikijutsu i Kristiansand, viss dei ikkje får plass i det nye anlegget.

-Det kan føre til at me ikkje kan ha sporten i Kristiansand. Me driv Aikijutsu utan anna hjelp enn kontingent frå medlemmane, og det blir alt for dyrt for oss å leige eigne lokalar. Eit eventuelt overskot frå medlemskontigent kjem klubben sine medlemmar direkte tilgode med sosiale, rusfrie arrangement, seminar og treningsleirar, avsluttar Wattne.