Sørnett

Vellukka prosjekt mot elevbortfall

På fire år har talet på elevar som ikkje fullfører vgs falle med 3,8 prosent. Kommunen og fylkeskommunen er vel nøgd med resultata av det no avslutta MMM-prosjektet.

Publisert:

I går kom sluttrapporten om MMM-prosjektet, som står for meistring, motivasjon og måloppnåing. Prosjektet varte frå våren 2007 til august 2009 og hjalp til med å førebyggje at elevar avbraut den vidaregåande utdanninga det første året. Det var Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune som samarbeida om dette.

Våren 2005 var det 6,8 prosent av elevane som slutta i løpet av første året på videregåande. I løpet av prosjektet sokk talet til under tre prosent våren 2009, og enda på tre prosent i juni 2009.

Det fremste førebyggjande tiltaket har vore å trekkje inn lærekandidatordninga i ungdomstrinnet. Lærekandidatordninga er sidestilt med lærlingordninga, og skal tilpasse fagopplæring til enkeltpersonar basert på individuelle føresetnader for å lære eit fag.

Dessutan har prosjektet vore med på å utvikle rutinar for å tidleg kunne identifisere potensielle bortveljarar. Særskild fokus har det vore på overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande skule. Undervisninga på begge nivå har også vore omorganisert og tilrettelagt.