Sørnett

Vil bli best på veg

Etter at Vest-Agder fylkeskommune blei den største vegeigaren i fylket har dei brukt meir av sine eigne midlar på veg. No er ambisjonen å bli betre enn staten på veg.

Publisert:

Det er ikkje snakk om å bygga nye vegar, men å forbetra dei som allereie ligg der. Fylkeskommunen eig allereie fleire av dei sentra gjennomfartsårene i Kristiansand og rundt om i fylket. Noko som til saman utgjer heile 2066 kilometer med veg.

- Det er ikkje noko planar om nye vegar, per i dag. Det er voldsamt store prosjekter å starta på. Det me vil gjera er forbetringar av svingar, bredde utbetring, nye burar, meir asfalt med meir, fortel samferdselsrådgjevar Lasse Moen Sørensen.

Ein god førestenad

Kva er målet til fylkeskommunen?

- Det er å få eit betre vegnett og har me økonomi til å bli ein betre vegeigar enn staten, så er det absolutt eit mål me òg har. Økonomien for samferdselsavdelinga ligg no på pluss sida, så det er ein god føresetnad.