Sørnett

Rajshahi-ordfører og FN Filuren på besøk

I dag starta Rajshahi-aksjonen i Kristiansand. Dette blei merka med ein fin opning på torget og ved bursdagssang for å feire 30 år med vennskap.

Publisert:

DSCF6578400 barn frå skuler og barnehager i Kristiansand hadde møtt opp for å feire opninga av Rajahi aksjonen. Det er 30 år sidan Kristiansand Kommune blei vennskapsby med denne byen i Bangladesh, men det er første året at ein ordførar frå denne byen har kome til Kristiansand på besøk

400 barn i tog

Det heile starta med eit barnetog for å feire 30 års dagen for vennskapet.  Veret sette ikkje ein stopper for dei oppmøtte. Det var rundt 400 barn frå barnehager og skular i Kristiansand som hadde kome.  I fronten var det 4 jenter som bar banneret for aksjonen, mens ordførar Per Sigurd Sørensen og Rajshahi ordfører A.H.M Khairuzzaman bar kvart sitt flagg. Ruta gjekk frå Slottsquartalet til torget der det skulle vere underhaldning.


Rappeduo og kreftsjukehus

Rappeduoen og søskenparet Arash og Sara Safartabar åpna det heile med gode tekster og skapte topp steming i regnet.  Det var også 120 barnehageungar som stod som tente lys og skulle synge  om " Jeg gir deg min hånd, så gir du meg din. Etter dette var det klart for ordførarane. Først ut var Per Sigurd Sørensen som blant anna fortalde om ting som Kristiansand hadde gjort for Rajshahi, blant anna å hjelpe til å betale eit kreftsjukehus. Andre ting som Kristiansand er med på er å få reint drikkevatn, eit system for søppel og det har vore utveksling med elevar som har reist frå Kristiansand til Rajshahi og omvendt.

[gallery]

Takknemlig

Ordfører Khairuzzaman utrykte sin takknemlegheit på scena og sette veldig pris på alle barna som hadde møtt opp og som skal hjelpe til med å samle inn penger.

- Eg er veldig takknemlig for Kristiansand som vennskapsby, ikkje berre med at dei har hjelpt oss til å få eit kreftsjukehus, men for den gode dialogen som vi har, seier Khairuzzaman.

Rajshahi- aksjonen blir arrangert kvart tredje år , og det er skulane og barnehagane i Kristiansand som blant anna er med på å samle inn penger. Jentene Silje Elstad, Maiken Doknes, Kamilla Iversen og Kristine Johansen er nokon av dei som skal jobbe ein dag  for å gi til aksjonen

-  Til veka skal vi ha forskjellige jobber slik at vi kan tene 150 kr kvar for å støtte aksjonen, seier jentene.

FN- Filuren

Leiar i FN- sambandet Sør Gunvor K. Andresen hadde ein liten overraskelse til ungane, dei fekk FN Filuren på besøk.  Han er ein figur som er laga for at dei minste skal forstå FNs tusenårsmål og hadde gratis fargebøker til ungane.  Det heile blei avslutta med boller på torget til alle.