Sørnett

- IK Start er i Tippeligaen 2013

Optimistiske Start-spelarar med rolig trening etter 3-1 sigeren over Mjøndalen.

Optimistiske Start-spelarar med rolig trening etter 3-1 sigeren over Mjøndalen.

Etter 3-1 sigeren over Mjøndalen i helga må nok sjølv dei mest pessimistiske supporterane innsjå at det blir tippeligafotball på Sør Arena neste år.

Publisert:

[youtube]http://www.youtube.com/watch?v=hDvUjBrTZc4&feature=plcp[/youtube]

- Det har heile tida vore klart for alle i klubben at me skal rykke opp. Dette har me planlagt sidan januar, og me har ikkje akkurat senka forventningane. IK Start skal vere ein Tippeliga-klubb, og no får me det til, seier assistenttrenar i Start, Robert Hauge.
Det var Hauge som leia restitusjonstreninga mandag. Eit par spelarar hadde møtt opp for å trille ball, vel vitande om at Tippeliga-spel nærmar seg med stormskritt.

Vinnarkultur
Per dags dato har Start ti poeng ned til Sarpsborg, som ligg på tredje plass. Start har fem kampar igjen, medan Sarpsborg har seks. Sjølv om det framleis er ein teoretisk moglegheit for kvalifisering i staden for direkte opprykk, verkar ikkje dette å gå inn på dei sterke opprykkskandidatane.
- Me er i ferd med å skape ein vinnarkultur i troppen, og me vil difor ha dei involverte med oss vidare. Kva utskiftingar som kjem i troppen er noko som me må ta stilling til etter sesongen, men eg kan seia at me vil ta vare på dei spelarane me har no. I tillegg vil me prøve å få inn nye fjes som taklar tippeliganivået. Me skal forsterke for å få ei større spelargruppe blanda med spelarane som har prestert godt i år, fortel Hauge.

- Må ta kvar kamp seriøst
Fredrik Strømstad, midtbaneslitaren som returnerte til kjende omgjevnader i sommar, er litt meir politisk korrekt i utsegna si om opprykk. Han meiner at det ser bra ut no, men at ein ikkje kan feire for tidlig.
- Me er ikkje sikre før det er 100 %, men det skal seiast at me ligg godt an. Så lenge me får kose oss og gjere det vi kan på trening, så skal dette gå vegen. Det er opp til oss sjølve å vere skjerpa på trening, og å gire seg opp til kamp skal ikkje vere vanskeleg, meiner sørlendingen.

Profesjonelle spelarar

Neste helg skal dei gul-svarte til Alta for å ta nye tre poeng i ferda mot Tippeliga 2013. Både Strømstad og Hauge er samde i at ein ikkje må tru at noko kjem gratis, sjølv ikkje

mot eit Alta-lag som meir eller mindre er fortapt i botn av tabellen.
- Til helga skal troppen reise opp i Finnmarkshallen for å spele god fotball på eit underlag me er vane med. Og som alltid er det berre tre poeng som er godt nok for oss, og tre poeng skal me ta. Spelarane er profesjonelle, og det er fem kampar igjen. Som sagt, det er opp til oss sjølve og vår mentalitet no i innspurten, seier Hauge.
Fredrik Strømstad er einig:
- Gruppa kan absolutt ikkje slappe av. Først står Alta på plakaten, så får me ta kvar kamp som den kjem, avsluttar midtbanemotoren.