Sørnett

IK Start må betale Skatt Sør 6,4 millioner kroner

Start Stadion og Staten v/Skatt Sør i konflikt om navnerettighetane til Sør Arena. foto: IK Start.no

Start Stadion og Staten v/Skatt Sør i konflikt om navnerettighetane til Sør Arena. foto: IK Start.no

Start Stadion og Staten v/Skatt Sør har vore i konflikt etter at dei er ueinige om navnerettighetane til Sør Arena.

Publisert:

For tre veke sidan vart usemja teken opp i Kristiansand tingrett, der striden mellom partane handla om navnerettighetane til Sør Arena.

Staten meinte at Start var momspliktige ved sal av navnerettighetane, mens Start meinte det ikkje var det, skriver fvn.no

I dag kom dommen frå tingretten. IK Start blei dømt til å betale 6,4 millioner til sammen (5.357.500 kroner i meirverdiavgift, og ein tillegsavgift på 1.071.500 kroner) etter at dei tapte i retten for Staten v/Skatt Sør.

Start.eigar Magne Kristiansen skriv i ein sms til fvn.no at "sannsynligheten for at dommen blir anket er 99 prosent".