Sørnett

Strømmen til Arkivet

I kveld heldt stiftelsen Arkivet dørene opne og ein får høyre foredrag med journalist og forfattar Øyvind Strømmen.

Publisert:

Aslak Brekke, direktør ved Stiftelsen Arkivet er veldig glad for at dei har fått Øyvind Strømmen til å komme i kveld.

- Vi gleder oss veldig til i kveld. Det er eit ganske viktig og dagsaktuellt tema. Vi har fått ganske bra tilbakemelding frå folk i både offentlig sektor og skulefolk som lever med desse spenningane i kvardagen. Så vi trur og håper at det vert eit godt oppmøte.

Her vil han blant anna presentere si nye bok: Den sorte tråden. Boka tar for seg europeisk høgreradikalisme frå 1920 og fram til i dag.

Øyvind Strømmen er blitt eit kjent namn innanfor synspunkt rundt høgreekstremisme. Han har lenge følgt med på høgreekstremistiske miljø og ytringar ute på internettet, både i Noreg og Europa. Han er derfor blitt brukt mykje som ekspert på feltet. Han har blant anna skreve ein del artiklar for  Dagbladet, BT, Aftenposten og andre kjente aviser.

Han var ein av dei som ytra seg kring terrorangrepet 22.juli. Han var med på å setje hendinga kring 22.juli i eit mykje større perspektiv med boka ”det mørke nettet” , der han forklarte at slike holdningar og det hatet vi såg i Oslo og på Utøya, har utsprang heilt tilbake til høgreekstremistiske parti og bevegelsar rundt omkring i Europa. I tillegg var han kalla inn til å vitne mot Anders Behring Breivik under 22.juli rettsaka.

-  Øyvind Strømmen er jo den fremste eksperten på dette temaet. Gjennom den siste boka gjer han oss ei grundig historisk innføring, og trekker linjene mellom dei ulike variantene, for det er forskjell på dei ulike omgrepa, seier Brekke.

Foredraget begynner klokka 19.00 og er ein del av arrangementet ”Tirsdag på Arkivet”, og det vert Aslak Brekke, direktøren av arkivet, som skal leda samtalen.