Sørnett

Tobiassen: - Det skjer ei stille vekking i Kristiansand

Pastor Rune Tobiassen fortel om stor vekst i forsamlingane i byen, og ynskjer meir merksemd rundt det han kallar ”den stille vekkinga” som skjer i Kristiansand.

Publisert:

I ei tidlegare sak skreiv vi om vekkingsmøta på Frikstad bedehus utanfor Kristiansand, der fleire har blitt frelst og det har vore fleire hundre på møta over fleire veker. Også andre forsamlingar vi har vore i kontakt med melder om vekst og at folk vert frelste på møter eller gudstenester i forsamlinga deira.

Ei av dei er Østsida Frikirke som Rune Tobiassen er pastor for. Han fortel at forsamlinga har hatt ein vekst på 15 prosent dei siste åra, men at han ikkje veit om mange som har blitt frelst på gudstenestene deira. Han forklarar det med at han ikkje er opptatt av at dei som kjem i forsamlinga må ta eit tidleg standpunkt, men at dei skal få tid til å vekse inn i trua. Tobiassen kallar dette ei stille vekking.

- I ei stille vekking så tenkjer eg at det skjer ei oppvakning og at folk kjem til tru over ein litt lengre periode enn at det kanskje skjer på ein kveld. Viss vi tenkjer tradisjonell vekking så er det gjerne møter, invitasjon og ei form som har vore i veldig mange år, men det er ikkje nødvendigvis den måten det skjer på i 2018.

- Vi har ei enorm vekst i forsamlingane her i byen

I tillegg til å vere pastor i frikirka er Tobiassen leiar for fellesmøta i Q42 i Kristiansand og nestleiar for nettverket ”Sammen for byen”, der leiarane for dei store forsamlingane i Kristiansand samlast. Han seier at også dei andre forsamlingane i Kristiansand opplever vekst, men at det ikkje får noko merksemd.

- Vi har snakka om det i ”Sammen for byen” at det skjer mykje rundt om i forsamlingane, men det er ikkje noko som vert lagt merke til fordi det ikkje er ein tradisjonell vekkelse.

Han trur at forsamlingar som den han representerer slit med å få merksemd rundt det dei driv på med.

- Slik som i vår forsamling er det ikkje så mange som veit at vi er ei forsamling der 150 personar samlast til gudsteneste i ein lokal gymsal på ein skule kvar søndag. Det er ei forsamling som folk ikkje ser ein gong, fordi vi ikkje er blant dei tradisjonelle kyrkjene. Men kanskje det at vi har ei litt anna form enn det tradisjonelle gjer at det er lavare terskel for å kome til oss.

- Folk har blitt for travle for møteveker

Rune Tobiassen har sjølv bakgrunn frå bedehusrørsla, og er tydeleg på at han ikkje har noko i mot bedehus eller vekkingsmøter. Han trur likevel at tida er forbi då ein vekkingsforkynnar kunne halde møter fleire veker i strekk, fordi folk rett og slett ikkje har tid til det lenger.

- Folk har blitt for travle til at ein kan ha møte kvar dag. Folk er ikkje der i dag. I vår forsamling har vi til dømes aldri lagt opp til møteveker, for eg trur at det er ei form som ikkje fungerer så godt i dag, meinar Tobiassen.

Pastoren trur likevel at kristne i dag har eit vel så stort fokus på trua si som dei hadde før i tida, og at dei i dag har eit større fokus på å ta med seg trua i kvardagen.

- Eg trur faktisk at menneske kan ha ein enda nærare relasjon og vere enda meir disippelgjort i dag enn tidlegare. Fordi tidlegare var det mykje fokus på frelsesinnbyding og den type forkynning i staden for å forkynne heile Guds ord, og på den måten kunne vekse i trua.

- Stort at det ”funkar” enda.

Sjølv om Tobiassen ikkje vidareførar forkynninga og møteforma til vekkingsrørsla, er han likevel positiv til møta som har vore på Frikstad bedehus.

- Eg tenkjer at det er stort at det ”funkar” enda. Det er fordi at når menneske er glad i Jesus, og er saman med den heilage ande, så kan Gud bruke ei kvar form og farge, til og med eit kvart menneske. Så det er berre overraskande at den forma og stilen fungerer, men samstundes er eg ikkje overraska, fordi dette er menneske som er glad i Jesus, og som ber og brukar tid med han. Då vil menneske kunne merke det og få lyst til å kome.

Tobiassen trur at vekkingsforkynnarane på Frikstad tilbyr noko som få andre tilbyr i dag.

- Eg trur at det kanskje er bra med noko helt annleis. I dag skal du ha show overalt, men så er det nokon her som spelar på nokon strengar som ikkje blir spelt så mykje på lenger, og så skjer det noko. Eg synest at det er fint at det skjer, og så gler eg meg over at menneske kjem til tru.

 


På Frikstad bedehus utanfor Kristiansand har tre eldre forkynnarar haldt vekkingsmøter i fem helger på rad. Les saka ved å trykke her!