Sørnett

Vi adopterar stadig tradisjonar

St Patricksday i Irland, illustrasjonsfoto Flickr

St Patricksday i Irland, illustrasjonsfoto Flickr

Publisert:

Oktoberfest, Halloween, Valentines day og St Patricksday. Utanlandske tradisjoner er noko som Noreg har adoptert dei siste åra.

Tidlegare trendforsker Ole Petter Nyhaug ved Fishnet Nordic AS meiner at noe av grunnen er at vi nordmenn reiser mykje meir og har difor lettare for å adoptere nye trender.

- Vi gløymer ikkje våre eigne tradisjoner, men sidan vi er eit lite land, med 17. mai som vår  sterkaste tradisjon,  ser vi på andre sine tradisjoner og tek dei med oss heim. Vi nordmenn er rett og slett litt fattige på tradisjoner, seier Nyhaug.

Tradisjon tro

St Patricksday er Irlands nasjonal dag, men blir feira  i mange land til minne om skythelgenen St Patrick. Dette er kanskje den siste tradisjonen som vi nordmenn prøver å adoptere. Valentines day har vært tilstades i mange år no, og har fått ein plass til og med på kalenderen. Om vel 3 veker er det det ungane sin tur.

Då er det Halloween eller Allehelgensaften som står for tur. Då er det mange unge og barn som kler seg ut og går frå dør til dør for å tigge godteri.

[img2669_2LS]

[img2669_3LS]

Populært

Sist helg blei det for tredje år på rad arrangert ”Ølfest” på torget i Kristiansand. H

videvoll har merka at tallet på besøkande har økt frå år til år.

- Eg har ikkje eksakte tall på kor mange som var tilstades, men teltet tok ca 500 og der var mennesker innom heile tida. Eg reknar med at det var iallfall ein 700-800 stk som hadde tatt turen, seier Hvidevoll.

Ein del mennesker kom utkledde på ekte ”Oktoberfest” vis og det blei lystig  tyroller musikk. Hvidevoll  fekk ideen til denne festen då han var i Aalborg.  Dei har også adoptert denne tradisjonen frå Munchen.

[img2669_4LM]

Flerkulturelle

Han er enig i at vi  nordmenn adopterer nye trender, og at det har mykje med at vi har blitt eit meir fleirkulturelt samfunn.

- Sist helg var det ein del som møtte opp med oktoberfest antrekk, så eg regner med dei har teke seg ein tur på ekte ”Oktoberfest” i München og sett korleis dette verkeleg verkar, seier Hvidevoll.

Om det neste blir Thanksgiving har Nyhaug eit klart svar til.

- Thanksgiving er ein amerikansk tradisjon med historisk bakgrunn.Visst vi hadde teke denne tradisjonen, hadde det vore det same som om  dei skulle ha teke 17.mai frå oss, seier Nyhaug

[sniplet faktaboks]